Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Nye prosessar i feittceller ved fedme og type 2 diabetes

Regine Åsen Jersin disputerer 18.12.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Role of Adipocyte SLC7A10 and Amino Acid Metabolism in Obesity and Insulin Resistance".

Hovedinnhold

Fedme er ei global helseutfordring som fører til høgare risiko for sjukdommar som type 2 diabetes (T2D). Feittvevet spelar ei viktig rolle i reguleringa av bruk og lagring av næringsstoff i kroppen. Ved for høgt kaloriinntak og/eller lavt energiforbruk kan feittceller og andre celler bli dysfunksjonelle og insulinresistente, og kartlegging av desse mekanismane er viktig for å utvikla gode behandlingar.

Ved å undersøka genuttrykk i feittvev frå personar med fedme og insulinresistens (IR), identifiserte me SLC7A10. Denne aminosyretransportøren var høgare uttrykt i feittvev frå slanke og insulinsensitive personar enn frå personar med fedme, IR og T2D. Me overfora zebrafiskar med ein øydelagt versjon av Slc7a10-proteinet, og desse fiskane fekk høgare vektauke og større feittceller enn kontrollfiskane. Hemming av SLC7A10 i humane og musefeittceller i kultur gav bl.a. redusert glukose- og serin-opptak, endra mitokondriefunksjon og auka feittlagring. Overuttrykk gav motsette effektar.

Vidare utforska me rolla til forgreina aminosyrer, spesielt valin og biprodukt frå denne i feittceller. Undertrykking av eit valinnedbrytande enzym gav redusert feittlagring og transport av nedbrytingsproduktet 3-HIB samanlikna med kontroll. Høge 3-HIB-nivå i blodet vart funne ved fedme, IR og T2D i fleire pasientstudiar. 3-HIB-behandling førte til effektar på cellulære prosessar i feittceller i kultur.

Til slutt fann me at ein grunn til at SLC7A10-hemming førte til auka feittlagring, sjølv om glukoseopptaket var redusert, kan vere at cellene auka opptak og bruk av dei forgreina aminosyrene. Transporten av 3-HIB ut av feittcellene auka også.

Samla visar våre data at SLC7A10 og 3-HIB er viktige regulatorar av feittcellemetabolisme, og at 3-HIB-nivået i blodet er ein mogleg markør på IR- og T2D-status. Om ein kan auka mengda av eller funksjonen til SLC7A10 i feittceller, kan ein mogleg betra eller hindra feittcelledysfunksjon, som kan beskytta mot utviklinga av fedmerelatert sjukdom.

Personalia

Regine Åsen Jersin (f. 1990) har mastergrad i molekylærbiologi frå Universitetet i Bergen (2016), og har tatt doktorgrada si ved Hormonlaboratoriet ved Haukeland Universitetssjukehus og Klinisk Institutt 2 ved Universitetet i Bergen. Forskar og fyrsteamanuensis ved Klinisk Institutt 2 Simon E. Nitter Dankel har vore hovudrettleiar og Universitetslektor Melina Claussnitzer ved Broad Institute har vore medrettleiar.