Effekt av tilsyn
Gunnar Husabø disputerer 11.5.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "External inspections of healthcare organizations".
Hovedinnhold
Tilsyn med sjukehus og andre helseorganisasjonar har fleire mål: å sikre at brukarane får dei tenestene dei har krav på og å bidra til kvalitetsforbetring i tenestene. Vi veit at tilsyna klarer å avdekke praksisar som ikkje er i samsvar med regelverk. Men vi veit mindre om korleis og i kva grad tilsyna fører til betre tenester for brukarane.
Gunnar Husabø har vore ein del av eit forskingsprosjekt leia av Helsetilsynet, knytt til effektane av tilsyn med diagnostikk og behandling av sepsis (blodforgifting) i 24 norske akuttmottak i perioden 2016 – 2018. Målet med arbeidet har vore å finne ut om tilsyn kan føre til betre arbeidsprosessar i akuttmottak og betre helseutfall for pasientar med sepsis. Forskingsarbeidet, som har blitt publisert i tre artiklar, er basert på data frå gjennomgang av meir enn 7000 pasientjournalar, samt fokusgruppeintervju med tilsette i akuttmottak, leiarar ved sjukehusa og tilsynslaga frå Statsforvaltarane.
Artiklane syner at akuttmottaka ikkje alltid klarer å gjennomføre diagnostikk av sepsis i samsvar med tilrådde retningslinjer. Mange pasientar får forseinka oppstart av behandlinga, noko som ofte har samanheng med manglar ved korleis det diagnostiske arbeidet blir utført. Etter at det vart gjennomført tilsyn ved akuttmottaka, betra den gjennomsnittlege tida til diagnostikk og behandling seg merkbart. Også pasientane si liggetid på sjukehus og deira sjanse for å overleve betra seg, men det er ikkje klårt i kva grad denne endringa skuldast tilsyna åleine.
Intervjua syner at tilsyna kunne hjelpe sjukehusa med å bli meir bevisste på behovet for å forbetre tenestene. Dette gjorde dei gjennom å analysere og samanstille data om tid til diagnostikk og behandling, og gjennom at høgt kompetente eksterne spesialistar i tilsynslaga auka legitimiteten til tilsynet. Tilsyna kunne også bidra til å forplikte leiinga til å jobbe meir aktivt med kvalitetsforbetring og syte for god kommunikasjon mellom ulike grupper av fagfolk på sjukehusa.
Personalia
Gunnar Husabø (f. 1980) tok mastergrad i statsvitskap ved NTNU i 2006, og arbeidde etter det i konsulent- og rågjevingsbransjen. Han har vore tilsett som stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Som stipendiat har han vore tilknytt Gruppe for helsetjenesteforskning (HELFORSK) og Nasjonal Forskerskole i Allmenmedisin (NAFALM). Rettleiarar har vore Einar Hovlid (Helsetilsynet/UiB/HVL), Gunnar Tschudi Bondevik (UiB/NORCE) og Jan C. Frich (Universitetet i Oslo).