Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Har vi ein inkluderande skule når nokon står utanfor?

Kari Hagatun disputerer 28.5.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "The Educational Situation for Roma Pupils in Norway. Silenced Narratives on Schooling and Future."

Hovedinnhold

Alle born i Noreg har rett til skulegang. Likevel har mange vaksne som tilhøyrer den nasjonale minoriteten romer aldri fått læra å lesa og skriva. I sitt doktorgradsprosjekt har Kari Hagatun forska på dagens utdanningssituasjon til born og ungdom i denne minoriteten som har levd i Noreg sidan 1800-talet.

Hagatun si doktorgradsavhandling er ein artikkelbasert etnografisk studie. Gjennom å besøka heimar og skular, og gjennom intervju med born, foreldre og lærarar, har Hagatun søkt å løfta fram romer sine eigne erfaringar med skule og utdanning.

Studien indikerar mellom anna at fleire foreldre enn tidlegare arbeider aktivt for at borna skal få ei utdanning, men at dette ikkje alltid betyr at borna vil det same. Gjennom kritiske perspektiv set avhandlinga søkelys på strukturar i utdanningssystemet som formar og opprettheld ekskluderande haldningar og praksisar i møte med born, ungdom og foreldre frå minoriteten romer.

Hagatun hevdar at om vi lukkast med å inkludera romer i skulen, kan vi finna nøkkelen til eit meir inkluderande skulesystem for alle elevar.

Personalia

Kari Hagatun (f. 1970) er oppvaksen i Granvin. Ho har mastergrad i pedagogikk frå Universitetet i Bergen, samt utdanning og lang erfaring som allmennlærar. Doktorgradsarbeidet vart utført ved Institutt for pedagogikk. Hovudrettleiar har vore professor Kariane Gärtner Westrheim og medrettleiar har vore fyrsteamanuensis Hanne Riese. Hagatun arbeider no som fyrsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, Universitetet i Bergen.