Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Sopp i luftvegane ved kols og deltaking i bronkoskopistudiar

Einar Marius Hjellestad Martinsen disputerer 25.6.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "The mycobiome in COPD: Descriptive and longitudinal analysis, and participation in research bronchoscopy studies".

Hovedinnhold

Det er framleis ikkje fullstendig kartlagt kvifor nokon som har pusta inn skadelege partiklar utviklar kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) medan andre ikkje gjer det. Ein teori har vore at pasientar med kols har andre mikroorganismar i luftvegane enn dei utan kols. Nyare teknikkar – der ein identifiserer bakteriar, sopp og virus ved hjelp av gena deira – har gjort det mogleg å undersøke desse teoriane. Ofte vil ein då gjere ei innvendig undersøking av luftvegar og lunger, såkalla bronkoskopi. Før arbeidet til Martinsen visste me lite om kva som motiverer eller hindrar nokon i å delta i slike studiar, og endå mindre om soppmiljøet i lungene.

I avhandlinga har Martinsen undersøkt kva informasjon som finst om deltaking i bronkoskopistudiar i litteraturen og samanlikna desse med eigne funn frå ein stor bronkoskopistudie i Bergen kalla MikroKOLS. Han har også karakterisert soppmiljøet i munnen og lungene til pasientar med kols og lungefriske og samanlikna desse med kvarandre. Ved å gjennomføre to bronkoskopiar på nokre av deltakarane har han undersøkt korleis soppmiljøet i lungene endrar seg over tid.

Avhandlinga viser at deltakarar i bronkoskopistudiar deltar for å hjelpe seg sjølv eller andre, og at dei som takkar nei fryktar ubehaget ved ein bronkoskopi. Om lag halvparten av dei inviterte i MikroKOLS takka ja og gjennomførte minst ein bronkoskopi. Både deltakarar med og utan kols hadde eit soppmiljø i prøvane sine. Sopp i munnhola var forskjellig frå sopp i lungene, men han fann ingen sikre skilnader då han samanlikna pasientar med kols og lungefriske. Vidare såg soppmiljøet i lungene ut til å halde seg mindre stabilt over tid enn soppmiljøet i munnen. Resultata frå avhandlinga kan bli brukt til å legge til rette for større bronkoskopistudiar i framtida. Samtidig kan resultata vere eit springbrett til å utforske kva rolle sjukdomsframkallande soppar i lungene spelar hjå lungefriske menneske, og å undersøke kva rolle sopp i lungene spelar i kols-forverringar.

Personalia

Einar Marius Hjellestad Martinsen (f. 1991) frå Vikebygd er utdanna lege frå 2018 ved Universitetet i Bergen (UiB). Doktorgradsarbeidet er finansiert av Forskarlina ved Det medisinske fakultet, og Klinisk institutt 2, UiB. Førsteamanuensis Rune Nielsen har vore hovudrettleiar med professor Tomas M. L. Eagan og professor Harald G. Wiker som medrettleiarar. Professor Per S. Bakke hadde formelt ansvar som rettleiar under Forskarlina medan førsteamanuensis Rune Nielsen fungerte som hovudrettleiar.