Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Førekomsten av kreft i øvre urinvegar er aukande i Norge.

Bjarte Almås disputerer 17.9.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "On the Epidemiology, Diagnosis and Treatment of Upper Tract Urothelial Carcinoma".

Hovedinnhold

Kreft med utgangspunkt i nyrebekken og urinleiar er relativt sjeldan. I Noreg er det om lag 200 nye tilfelle av sjukdomen årleg, og den rammar i hovudsak eldre. Dersom den vert oppdaga for seint, er prognosen dårleg. Trass i aukande interesse dei siste åra, er det framleis mange ubesvarte spørsmål om førekomst, utgreiing og behandling av denne sjukdomen.
Almås har samarbeidd med kreftregisteret og funne at førekomsten av sjukdomen i Noreg er aukande dei siste 20 åra, og høgare enn det ein tidlegare har trudd. Prognosen har vorte betre over tid, og gjennomsnittlig alder ved diagnose har auka. Vidare har Almås nytta eit pasientmateriale frå Haukeland og Tønsberg sjukehus for å finne ut kva faktorar i preoperativ utgreiing ein kan nytte for å velje den beste behandlingsplanen for kvar enkelt pasient. Funn ved moderne CT-røntgen ser ut for å vere den viktigaste faktoren å vurdere når ein skal bestemme kor aggressiv ein skal vere i behandlinga. Det same pasientmaterialet har og vore nytta til å bekrefte verdien av ein tidlegare publisert diagnostisk modell. Det er i tillegg gjort ein analyse av nyresparande laserkirurgi av denne sjukdomen ved Haukeland sjukehus. Funna her tyder på at denne behandlingsforma kan vere tilstrekkelig behandling for ei gruppe av pasientane. Den viktigaste enkeltfaktoren å vurdere er kreftcellene sin aggressivitet vurdert ved mikroskopi. Dersom cellene er lite aggressive, er det ein god sjanse for at denne skånsomme behandlingsforma vil vere vellukka og tilstrekkelig. Funna i avhandlinga har hjelpt til å auke kunnskapen om førekomst, diagnostikk og behandling av denne pasientgruppa i Noreg. Det er likevel eit stort behov for vidare studiar innan dette feltet.

Personalia

Bjarte Almås (f.1974) vart utdanna ved UiB for cand.med graden i 2001. Han arbeider som overlege ved urologisk avdeling Haukeland sjukehus. PhD graden vert teken ved UiB, klinisk institutt 1. Hovedveileder er professor Christian Beisland og biveileder professor Ole Johan Halvorsen.