Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kan ein dumpe gjelda si på nokon andre?

Torhild Elin Nordtveit disputerer 22.10.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Debitorskifte".

Hovedinnhold

Det enkle svaret er nei. Har ein først tatt på seg ei gjeld eller ei anna plikt til å yte noko overfor ein kreditor, er ein bunden fram til ein har gjort opp. I nokre tilfelle kan ein likevel, viss mottakaren går med på det, overføre oppgjersplikta til ein annan. Det er dette ein kallar debitorskifte. Avhandlinga undersøkjer kva som skal til for at ein avtale om debitorskifte skal få verknad overfor kreditoren. Viss avtalen ikkje kan gjerast gjeldande overfor den som har krav på ytinga, er han ikkje mykje verd. Avhandlinga gjeld òg spørsmål om kva som blir verknaden av at avtalen kan gjerast gjeldande overfor kreditoren.

Til vanleg må kreditoren samtykke for at avtalen skal gjelde overfor han. I nokre få tilfelle er samtykke ikkje nødvendig. Ein meir vanleg situasjon er at kreditoren berre kan nekte å samtykke viss han har sakleg grunn. For både kreditoren og debitorane er det viktig å vite kva tid kreditoren kan nekte å samtykke til debitorskiftet.

Motsett kan det bli spørsmål om når kreditoren kan krevje at debitorskiftet skal bli gjennomført. Dersom mottakaren av plikta er ein betre debitor enn den opphavlege debitoren, kan det vere av interesse for kreditoren å tvinge gjennom debitorskiftet sjølv om debitorane har ombestemt seg og vil la ting vere slik dei har vore.

Når debitorskiftet er gjennomført, blir det spørsmål om kva rettar og plikter som gjeld i forholdet mellom kreditoren og høvesvis den tidlegare og den nye debitoren, og frå kva tidspunkt endringa verkar.

Undersøkingane som er gjorde i denne avhandlinga er dei første heilskaplege vurderinga av eit stort tal debitorskiftetilfelle. Det er òg det einaste større verket om emnet debitoskifte på over 30 år. Avhandlinga fokuserer på dei grunnleggjande sidene ved debitorskifte, og handsamar i mindre grad konkrete, praktiske spørsmål.

Personalia

Torhild Nordtveit har mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen og Ll.M. frå Universitetet i Heidelberg. Ho arbeider i Odin prosjekt AS. Rettleiarar har vore professorane Johan Giertsen, Rune Sæbø, Bjarte Askeland og Hilde Hauge.