Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Stress blant pårørande til personar med demens

Toril Marie Terum disputerer 5.11.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Neuropsychiatric disturbances in persons with Alzheimer`s disease and dementia with Lewy bodies, carer distress and time until nursing home admission.".

Hovedinnhold

Demens rammar familiar, og det er brei semje om at omsorgsbelastninga pårørande opplever er assosiert med negative konsekvensar for dei pårørande sin økonomi, sosiale liv, fysiske og psykiske helse, og kortare tid til sjukeheimsinnlegging.

Det aktuelle doktorgradsprosjektet har undersøkt samanhengen mellom individuelle nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande, og samanhengen mellom aspekt med stress og tid til innlegging i sjukeheim. Doktorgradsprosjektet består av tre delstudiar, som kvar munna ut i ein artikkel.

Først oppsummerte vi tidlegare forsking. Funn frå denne studien indikerte at irritabilitet er det nevropsykiatriske symptomet som i størst grad bidrog til stress blant pårørande. Andre symptom som framstod som viktige bidragsytarar til stress inkluderte aggresjon, endra døgnrytme, angst, apati og vrangførestillingar. Mangfald av studiedesign, statiske metodar og kartleggingsverktøy, og stor variasjon i utval, gjorde det derimot vanskeleg å trekke sikre konklusjonar.

Andre og tredje delstudie baserte seg på data frå Demensstudien på Vestlandet (DemVest). Basert på funn frå denne studien står apati fram som det nevropsykiatriske symptomet som i størst grad bidrar til stress, i tillegg til avvikande motorisk åtferd, irritabilitet og utfordringar knytt til mat, måltid og appetitt. Aspekt ved stress som var assosert med kortare tid til sjukeheimsinnlegging var negative følelsar i form av frustrasjon, å føle at omsorgsansvaret hindra ein i å vere sosial og at ein ikkje får nødvendige avbrekk, og opplevinga av å ikkje meistre kvardagen.

Personalia

Toril Marie Terum (f. 1979) er utdanna sjukepleiar ved Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane (2003) og fullførte ein helse- og sosialfagleg master ved Høgskulen i Volda i 2009. Doktorgradsarbeidet utgår frå Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar for avhandlinga er professor Ingelin Testad. Professor John Roger Andersen og førsteamanuensis Arvid Rongve er birettleiarar.