Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

På tide å reise seg opp?

Katinka Nordheim Alme disputerer 1.3.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Sedentary behaviour and cerebrovascular disease: molecular mechanisms and the impact of bout duration. ".

Hovedinnhold

Kvifor er det helseskadeleg å sitte mykje stille og kor ofte bør vi røre på oss? I doktorgradsarbeidet sitt undersøkte Alme pasientar var innlagd med hjerneinfarkt tre månadar tidlegare. Ho fann at mykje stillesitting i lange periodar over 90 minutt var kopla til forhøgd langtidsblodsukker ved diabetes. Funnet indikerer at det å bryte opp stillesittande periodar med rørsle kan vere effektivt for å regulere blodsukkeret. Alme fann og at stillesitting var kopla til høgare nivå av betennelsesmarkørar i blodet. Å måle betennelse kan vere vanskeleg. Difor vart det nytta nye typar blodanalysar som ikkje enno er grundig undersøkte med tanke på stillesitting som kan vere nyttige for å undersøke effekten av å redusere stillesitting og auke fysisk aktivitet. I arbeidet sitt undersøkte Alme også kynureninsyre (KA). KA aukar ved betennelse, og rolla ser ut til å vere å gi tilbakemelding til immunforsvaret, som «vatn på flammar», for å redusere skaden på kroppen. Tidlegare funn viser at personar som er fysisk aktive har sterkare KA-respons. I samsvar med dette fann Alme at dei som sit mykje i ro har svakare KA-respons. Til slutt fann Alme at høge nivå av betennelsesmarkørar i blodet var kopla til auka risiko for død. Låge nivå av KA i forhold til graden av betennelse, var også kopla til auka risiko for død. Funna tyder på at produksjon av KA som følge av betennelse i kroppen, kan vere beskyttande, og at lav KA-respons kan vere ei av koplingane mellom stillesitting og sjukdomsutvikling.

Studien er basert på informasjon frå The Norwegian Cognitive Impairment After Stroke Study (Nor-COAST-study) og inkluderer 815 pasientar innlagde med akutt hjerneslag i fem ulike sjukehus i Noreg (2015-2017). Stillesitting vart målt tre månadar etter hjerneslaget ved hjelp av ei databrikke festa på låret i sju dagar. Informasjonen om nytt hjerneslag og død er henta frå Norsk Hjerneslagregister og Dødsårsaksregisterert.

Personalia

Katinka Nordheim Alme (f. 1983) er utdanna ved Universitetet i Bergen (2011) og er lege i spesialisering i geriatri ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus. Doktorgraden går ut frå Klinisk Institutt 1, Universitetet i Bergen og er ein del av multisenterstudien The Norwegian Cognitive Impairment After Stroke Study (NorCOAST study)frå NTNU i Trondheim. Hovudrettleiar har vore Anne-Brita Knapskog. Professor Torunn Askim, professor Halvor Næss og 1. amanuensis Mala Naik har vore medrettleiarar.