Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Forbetra diagnostikk av pasientar med akutte brystsmerter

Hilde Lunde Tjora disputerer 23.8.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Aiming towards evidence based interpretation of cardiac biomarkers in patients presenting with chest pain".

Hovedinnhold

Vel 10% av alle pasientar i akuttmottak blir innlagde med spørsmål om akutt koronarsjukdom (AKS). Eit mindretal har hjarteinfarkt eller ustabil angina pectoris (UAP). Troponin er ein biomarkør for myokardskade, og ved hjarteinfarkt stig nivået av troponin raskt. Ein brukar algoritmar i diagnostikken av brystsmertepasientar for hurtig å kunne oppdage om dei har hjarteinfarkt eller ikkje. Måling av troponin med bestemte tidsintervall er heilt essensielt i slike algoritmar. WESTCOR studien inkluderte pasientar i akuttmottak, og undersøkte ulike måtar å forbetre diagnostikken på. Eit troponin assay med høgare analytisk sensitivitet enn dagens assay vart brukt til å utvikla nye 0/1 timars algoritmar for endepunktet hjarteinfarkt. Dei eigenutvikla algoritmane plasserte fleire pasientar i lavrisko/høgrisiko gruppe for hjarteinfarkt samanlikna med andre algoritmar. For dagens troponinassay undersøkte ein om nye 0/1 og 0/3 timars algoritmar med lavare innkomst og deltaverdiar kunne predikere det kombinerte endepunktet hjarteinfarkt og UAP. Dei nye algoritmane vart samanlikna med algoritmar frå European Society of Cardiology (ESC) og hadde høgare sensitivitet (fant mange fleire UAP pasientar), men var mindre spesifikke, dvs. færre pasientar utan koronarsjukdom kunne skrivast ut frå akuttmottak. Ein samanlikna tidligare beskrivne 0/3 timars algoritmar med 11 ulike kliniske risikoskårar eller kliniske vurdering for akutt koronarsyndrom (AKS) for eit 30 dagars kombinert endepunkt (Hjarteinfarkt, død eller uplanlagt revaskularisering). Kombinasjonen med risikoscoren HEART identifiserte flest pasientar med lav risiko. I WESTCOR studien oppnådde ein rask diagnostikk av koronarsjuke samstundes som ein fant pasientane som kunne skrivast ut frå akuttmottak. Det vart gjort ved bruk av eit troponin assay med høgare analytisk sensitivitet enn andre assay, algoritmar designa for å finne både ustabil angina og infarkt, samt ved å kombinera troponinalgoritmar med kliniske risikoskårar.

Personalia

Hilde Lunde Tjora (f.1970) er utdanna cand. med frå Universitetet i Oslo 1997. Tjora er spesialist i indremedisin, lungemedisin og kardiologi, og var tidlegare overlege i Mottaksklinikken. No arbeider ho som avtalespesialist i kardiologi og lungemedisin. Doktorgradsarbeidet utgår frå Klinisk Institutt 2 Universitetet i Bergen med førsteamanuensis Kristin Moberg Aakre som hovedveiledar, medveiledarar er professor Rune Bjørneklett, professor Torbjørn Omland og førsteamanuensis Kjell Vikenes.