Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Korleis påverkar havvinden store vindturbinar?

Astrid Nybø disputerer 28.10.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "The impact of turbulence modelling on large offshore wind turbine response".

Hovedinnhold

Energi frå havvind er forventa å spele ei stor rolle i det grøne skiftet. I den samanheng må vi forstå havvinden, og korleis denne påverkar store vindturbinar. Vindindustrien bruker modeller for å kunne føreseie utmattinga på turbinane som følgje av vinden. Denne avhandlinga framhevar utfordringar med dagens praksis for modellering av vind over hav i vindindustrien.

Avhandlinga viser at dei enkle vindmodellane som blir brukt av industrien i dag ikkje er i stand til å representere storskala svingingar i vindfart som er til stades i røynda. Som ein konsekvens av dette, vil desse modellane underestimere utmatting i tårnbotn av botnfaste turbinar og rørsler av flytande vindturbinar. I verste fall kan dette føre til uventa vedlikehald og redusert levetid. Vidare tek avhandlinga for seg modellering av store vindvirvlar og ulikheitar i vindfart over vindturbinblada. Dei enkle vindmodellane som er brukt av vindindustrien modellerer dette ulikt, og følgjeleg blir òg den estimerte utmattinga ulik. Avhandlinga tek òg for seg korleis vinden varierer med atmosfæriske forhold (stabilitet), og kva innverknad dette har på utmatting og rørsler til havvindturbinar. Store variasjonar er funne i røynda, men desse er ikkje tatt omsyn til av vindmodellane som industrien bruker.

Denne avhandlinga konkluderer med at det er på tide at vindindustrien vurderer meir avanserte vindmodellar som i større grad evner å modellere dei verkelege atmosfæriske forholda i vindturbindesign. For å kunne vurdere nøyaktigheita av modellar betre i framtida, og finne meir realistiske vindmodellar, må ein forstå vinden over hav betre. For å oppnå auka forståing, er det behov for fleire målingar av horisontale variasjonar i vinden over vindturbinblada.

Personalia

Astrid Nybø (f. 1991) frå Os har bachelorgrad i energiteknologi frå Høgskolen i Bergen og mastergrad i fornybar energi frå Instituto Superior Técnico (Portugal) og École Polytechnique (Frankrike). Sidan 2017 har ho jobba med doktorgraden i havvind ved Geofysisk Institutt. Finn Gunnar Nielsen (UiB) har vore hovudrettleiar, medan Joachim Reuder (UiB) og Marte Godvik (UiB og Equinor) har vore medrettleiarar.