Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Protonbehandling med omsyn til biologiske effektar

Helge Henjum disputerer 23.9.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Treatment planning optimization strategies for the relative biological effectiveness and oxygen enhancement ratio in proton therapy".

Hovedinnhold

Protonterapi er eit nytt kreftbehandlingsalternativ til dagens strålebehandling. Ved å nytte proton oppnår ein ei mykje meir nøyaktig behandling, og sparer meir friskt vev samanlikna med røntgenstråling. Proton har også ein auka biologisk effekt samanlikna med røntgenstråling, som er kvantisert gjennom den relative biologiske effekten (RBE). Det er antatt at proton er 10% meir effektive å drepe celler enn røntgenstråling, men det er derimot ein konsensus at denne verdien ikkje er konstant og varierer med fleire parameter. Ved å kunne gi pasientar behandling med omsyn til ein variabel RBE kan me spare meir friskt vev og gi eit betre behandlingsresultat. I denne avhandlinga blei Monte Carlo (MC) koden FLUKA nytta til å optimalisere behandlingsplanar med omsyn til ein variabel RBE, der den fysiske dosen til det friske vevet blei redusert. Videre blei berekningar for oksygennivå inkludert i optimaliseringa. Når svulsten er oksygenfattig (hypoksi) vil den vere meir resistent for stråling. Ein analyse av modellar av hypoksi viste også forskjellar mellom publiserte modellar, der modellane blei implementert i MC rammeverket vårt og samanlikna. Til slutt blei beskjærings-teknikkar innan strålebogeterapi utforska. Strålebogeterapi er ein ny behandlingsmodalitet innan protonterapi der bogar med protonstrålar blir nytta i staden for felt. Ved å manipulere strålane blei dose til friskt vev redusert samstundes som svulsten blir behandla. På Haukeland byggjast eit protonsenter som kan ta imot pasientar allereie i 2024 og denne avhandlinga vil vere med å bygge kunnskap rundt RBE og hypoksi og korleis ein kan ta høgde for dette i behandlinga. Ved å inkludere nye teknikkar for behandling som inkluderer biologiske effektar kan seinskadar etter kreft bli redusert.

Personalia

Helge Henjum (f. 1993) er fra Leikanger i Sogn og Fjordane og har mastergrad i fysikk fra Institutt for Fysikk og Teknologi ved UiB.