Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Nye bildemetoder gir håp om bedre utredning av livmorkreft

Kristine Eldevik Fasmer disputerer 20.1.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "MRI and 2-[18F]FDG PET/CT for staging, prognostication, and tailoring treatment in endometrial cancer".

Hovedinnhold

Livmorkreft er den vanlegaste gynekologiske kreftforma for kvinner i vestlege land, og førekomsten er aukande. Livmorkreft som oppdagast i tidleg stadium kan oftast behandlast med hell og har gode prognosar. For kvinner med avansert sjukdom er prognosane derimot drastisk verre. I denne avhandlinga søkjer Fasmer å betre sjukdomsdiagnostikken ved å nytte nye bilde- og analysemetodar, som kan brukast til å målrette behandlinga til den enkelte pasienten.

Avhandlinga er sett saman av fire delarbeid som alle er publiserte i anerkjente medisinske tidsskrift med Fasmer som førsteforfattar. Det første delarbeidet viste, ved bruk av dynamisk MRI med avansert modellering, at pasientar med aggressiv kreftutvikling har svulstar med lågare blodgjennomstrøyming og høgare celletetthet, enn det ein fant i svulstar hjå pasientar som ikkje fekk tilbakefall. I det andre delarbeidet undersøkte Fasmer underliggande MRI bildemønster (radiomics) og såg på korleis dette påverka sjukdomsutviklinga. For livmorkreft fann ein at radiomic tumorsignaturar kunne knytast til ei rekke aggressive sjukdomstrekk. Fasmer og kollegaer meiner difor at både dynamisk MRI og MRI-radiomics vil kunne supplere den rutinemessige bildediagnostikken og tilføre informasjon av betyding for val av mest effektiv behandling.

Haukeland Universitetssjukehus tilbyr PET/CT med radioaktivt druesukker ([18F]FDG) som sporstoff, i tillegg til MRI, til alle livmorkreftpasientar som rutine før behandling. Det tredje delarbeidet viste at [18F]FDG PET/CT er eit meir presist verkty enn MRI for å påvise spreiing til lymfeknutar, noko som kan ha stor betyding for val av behandling. Men PET/CT er ein kostbar bildemetode med avgrensa kapasitet i dei fleste land. I det siste delarbeidet viste Fasmer og kollegaer at ved å nytte MRI-funn til å velje ut pasientar til PET/CT (ca. halvparten av pasientane), kunne ein oppretthalde ein like treffsikker diagnostikk som ved å nytte MRI og PET/CT i alle pasientane.

Personalia

Kristine Eldevik Fasmer kjem frå Almenningen i Nordfjord, har mastergrad i fysikk frå Universitetet i Oslo (2006) og arbeider som medisinsk fysikar innan bildediagnostikk på Haukeland Universitetssykehus. Avhandlinga utgår frå Klinisk institutt 1 og er skriven med støtte frå Helse Vest under vegleiing av prof. Ingfrid S. Haldorsen (leder for Mohn Medical Imaging and Visualization Center) og prof. Camilla Krakstad (leder av Bergen Gynekologiske Kreftforskingsgruppe).