Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Korleis måler verda svolt?

Thor Olav Iversen disputerer 2.6.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Making world hunger legible".

Hovedinnhold

Indikatorar for svolt er blant dei mest sentrale måleinstrumenta innan bistand og utvikling. Forskingslitteraturen kring politiske dimensjonar ved måling av svolt er likevel atterhalden. Denne avhandlinga freistar å fylle eit tomrom ved å undersøke korleis slik global statistikk er knytt saman med det politiske landskapet som omsluttar den. Det gjer den ved å studere to indikatorar som blir publiserte av Dei sameinte nasjonar (SN) og er integrerte i Bærekraftsmåla (SDGane).

Indikatoren Prevalence of Undernourishment er SN-systemet sin flaggskipmetode for å måle global svolt. Avhandlinga skildrar utviklinga av metoden frå 1946 og fram til i dag. Ho syner især korleis ei rekke tekniske endringar har støtta opp om omskiftelege narrativ kring kampen mot underernæring. Ny tilgong til spørjeundersøkingar frå Kina i 2020 tillot til dømes SN-systemet å gi indirekte stønad til kinesiske styresmakter sin forteljing om utrydding av ekstrem fattigdom innanlands.

Den andre indikatoren som har blitt valt for å måle bærekraftsmål SDG 2.1 er Food Insecurity Experience Scale. Det var mykje usemje kring kva indikatorar som burde bli valt for å måle SDG 2.1, men prosessen var likevel prega av stiavhengigheit: Kompleksiteten i å kvantifisere mattryggleik favoriserte etablerte ekspertisemiljø, og låste SN sine indikatorar i posisjon. Indikatorane for SDG 2.1 definerer mattryggleik ut frå tilgjenge av kaloriar samt individuell erfaring, og ekskluderer dermed demokratisk medverknad og bærekraft. Avhandlinga argumenterer for å inkludere meir variert ekspertise i prosessar for å lage indikatorrammeverk.

Indikatorar bør ikkje bli valte på grunnlag av dominansen til enkelte organisasjonar, men snarare reflektere demokratiske prioriteringar. Å kaste lys over fleire aspekt ved mattryggleik gjennom statistikk er viktig for å få til eit slikt skifte. Vi behøver difor ein større variasjon av målemetodar og datainfrastruktur, samt større gjennomsiktigheit i korleis slik statistikk vert laga.

Personalia

Thor Olav Iversen er ein doktorgradsstipendiat ved Senter for vitenskapsteori på Universitetet i Bergen. Han jobbar for augeblikket som journalist og kommentator i Agenda Magasin. Tidlegare har Iversen vore tilsett som forskingsassistent ved Chr. Michelsen Institutt, samt humanitær bistandsarbeider i FN-organisasjonen Verdas matvareprogram. Etter disputasen startar han i ei stilling som seniorforskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI).