Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Lysande løysing for havet: pH-sensor og antibiobegroingsglas

Wiktoria Karolina Szapoczka disputerer 8.11.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Investigation of Fluorescent pH Indicators and Antibiofouling Properties of a Nanostructured Glass for Use in Underwater Fluorescence Lifetime-based pH Sensors".

Hovedinnhold

Har du nokon gong lurt på kvifor vi må overvake surleiken (pH) av havet eller hindre at skip og undervassutstyr blir fulle av algar og andre organismar? Dette doktorgradsprosjektet ser på to spennande løysingar for disse spørsmål: utvikling av ein ny undervass pH sensor og eit nanostrukturert vindauge for å beskytte overflatar mot biobegroing.

For å utvikle ein ny pH sensor, ein passande surleiksindikator må bli identifisert. Karbonprikkar er små partiklar som byrja å lyse når dei blir utsett for lys med riktig bølgjelengde. Levetida på dette lyset som blir sendt ut avhenger av pH-verdien i vatnet. Dei er billige å lage, enkle å bruke, og dei held seg stabile over tid. I løpet av prosjektet vart fem ulike karbonprikkar laga og testa for å sjå korleis dei reagerer på endringar i pH. Ein av dei mest interessante funna var at ein av karbonprikkane kunne endre lysstyrken sin på ein måte som gjer det lett å måle pH. Dette gjer den godt eigna for bruk i sensorar som kan gi nøyaktige målingar.

Biobegroing er eit stort problem i havet. Alger og andre organismar festar seg til overflater og kan skade utstyr og sensorar. Denne avhandlinga undersøkte eit nytt, nanostrukturert vindauge som kan hindre dette. Ved å teste vindauga i sjøvatn tilsett ein alge som ofte finst i norske kystområde, blei det funnet ut at dei nanostrukturerte overflatene var svært effektive til å hindre biobegroing.

Denne forskinga kan føre til utviklinga av ein ny pH sensor og ei løysing som kan brukast i havet og andre stader der biobegroing er eit problem. Dette kan ha stor betydning for både miljøet og økonomien, ved å gjere det enklare og billigare å halde utstyr reint og måle viktige parameterar i havet.

Personalia

Wiktoria Karolina Szapoczka (f. 1996) har ein bachelor- og mastergrad i kjemi frå Universitetet i Bergen (UiB). I september 2021 byrja ho som stipendiat hos SFI Smart Ocean ved Institutt for Fysikk og Teknologi (UiB). Arbeidet med avhandlinga blei utført ved Institutt for Fysikk og Teknologi, Kjemisk Institutt og NORCE. Stipendiaten blei rettleidd av professor Bodil Holst (UiB, hovudrettleiar), førsteamanuensis Tore Skodvin (UiB, birettleiar) og doktor Peter James Thomas (NORCE, birettleiar).