Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Sikker elektronikk - sårbarheitar og beskyttelsesmekanismar

Amund Askeland disputerer 5.2.2025 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Explorations of Physical Attacks Against Embedded Systems and Their Defences".

Hovedinnhold

Denne avhandlinga handlar om sikkerheiten i elektroniske system og korleis den kan forbetrast. Fokuset er på fysiske angrep mot elektronikk, det vil seie der ein angripar kan gjere målingar på systemet eller påverke det til å gjere feil. Ein type fysisk angrep som blir sett på er sidekanalsangrep, som handlar om å hente ut hemmelegheitar slik som krypteringsnøklar av systemet. Dette blir gjort ved å foreta målingar av noko som systemet sender ut, for eksempel elektromagnetisk stråling. Sidekanalsangrep er litt som ein gammaldags bankranar som forsøker å åpne eit pengeskåp ved å lytte etter små klikk - berre i elektronikkens vidunderlege verden. I denne avhandlinga vert det både presentert eit slikt sidekanalsangrep retta mot elektronikk som kjører ein krypteringsalgoritme, og presentert ein forbetra beskyttelsesmekanisme for sidekanalsangrep mot verdas mest brukte krypteringsalgoritme.

Den andre hovudtypen fysiske angrep, feilinjiseringsangrep, handlar om å forårsaka feil i elektronikk for så å utnytte resultatet av desse feila. Det vanskelege her er å få systemet til å feile på akkuratt rett måte. Feilinjisering handlar meir om å få system til å snuble litt enn å feile heilt, for ein vil gjerne at både systemet og informasjonen det inneheld skal vere tilgjengeleg etterpå. I denne avhandlinga vert det sett på fleire ulike typar feilinjiseringsangrep, det vert presentert ein ny variant av slike angrep som ikkje har vore kjent frå før, og det blir gjort ein grundig gjennomgang av ein eksisterande beskyttelsesmekanisme for slike angrep.

I dette arbeidet vert det gjort forskning både på angrep mot elektronikk og beskyttelsesmekanismar for slike angrep. Målet er at ved å finne svakheitar og undersøke dei underliggande årsakene, kan me forstå dei betre og utvikle beskyttelsesmetodar som gir oss meir robuste system.

Personalia

Amund Askeland kjem frå Bleie i Ullensvang kommune, og har ein mastergrad i design av elektroniske systemer frå NTNU i Trondheim. Under eit utvekslingsår ved EURECOM i Frankrike byrja han å arbeide med sikkerheit i slike system, og etter endt mastergrad starta han på eit ph.d. program ved universitetet i Bergen finansiert av Nasjonal Sikkerheitsmyndigheit (NSM). I dag arbeider Amund ved NSM som forskar på sikkerheit i elektronikk.