Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Sjukdom i bukspyttkjertelen kan ha opphav i CEL genet

Ranveig Seim Brekke disputerer 7.5.2025 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Biological implications of the hypervariable VNTR region in the carboxyl ester lipase (CEL) gene".

Hovedinnhold

Bukspyttkjertelen produserer fordøyingsenzym som bryt ned næringsstoff i tarmen. Ranveig Seim Brekke har i doktoravhandlinga si studert eit slikt enzym kalla karboksylester-lipase (forkorta CEL), og det bryt ned ulike former for fett. Når ein vert fødd med feil i genet som gjer opphav til CEL, har ein auka risiko for at det seinare i livet oppstår betennelse i bukspyttkjertelen (pankreatitt) og diabetes.

CEL-genet er meir komplekst enn dei fleste andre gena som mennesket har. Det overordna målet med doktorgradsarbeidet til Seim Brekke har vore å få ein djupare innsikt i kvifor nokre endringar i CEL-genet er farlege medan andre ikkje har verknad på helsa. Dette har ho først gjort ved å studere om det var samanheng mellom visse typar vanlege CEL-variantar (kalla CEL-INS) og sjukdom i bukspyttkjertelen. Ved å studere prøver frå pasientar og gjere eksperiment i cellekulturar kunne Seim Brekke konkludere med at dei alle fleste CEL-INS-variantane er godarta og kan oppstå spontant i bukspyttkjertelvevet hos friske menneske.

I den andre delen av doktoravhandlinga undersøkte Seim Brekke ein sjeldan CEL-variant (CEL-HYB) som er vist å være ein risikofaktor for utvikling av kronisk pankreatitt i menneske. Denne varianten vart satt inn i mus, og det synte seg at CEL-HYB-musene etter kvart utvikla pankreatitt. Seim Brekke studerte deretter kva som skjedde når CEL-HYB-musene åt mat som var svært rik på feitt. Det synte seg at musene då fekk fleire forandringar i bukspyttkjertelen enn viss dei gjekk på vanleg fôr. Til slutt vart det undersøkt kva for protein som er opp- og nedregulerte i bukspyttkjertelen hos CEL-HYB-mus med mål om å skjøne meir av sjukdomsmekanismen.

Doktorgradsarbeidet til Ranveig Seim Brekke har gjeve oss ny kunnskap om variantar av CEL-genet og korleis desse fungerer i celler, vev og mus. Den nye musemodellen som er utvikla, kan nyttast i vidare studiar av kva for risikofaktorar og protein det er som saman fører til sjukdom i bukspyttkjertelen.

Personalia

Ranveig Seim Brekke (f.1993) har mastergrad i molekylærbiologi (2018) frå Universitetet i Bergen. Doktorgraden er gjennomført i forskingsgruppa for sjukdomar i bukspyttkjertelen ved Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus med forskar Karianne Fjeld som hovudrettleiar medan professor Anders Molven og PhD Bente Berg Johansson har vore medrettleiarar.