Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Gjer det usynlege i 3D-teknologi konkret gjennom kunst

Magnhild Øen Nordahl disputerer 23.5.2025 for ph.d.-graden i kunstnerleg utviklingsarbeid ved Universitetet i Bergen med prosjektet "Unmaking Abstractions".

Hovedinnhold

3D-modellering er i ferd med å endre korleis vi formar verda – frå kunst og design til industri og medisin. Bak dei glatte overflatene i denne teknologien skjuler det seg eit komplekst nett av abstraksjonar: system, algoritmar og standardar som både påverkar kva vi kan skape og korleis vi oppfattar det vi skaper.

I sitt doktorgradsprosjekt Unmaking Abstractions undersøker Magnhild Øen Nordahl korleis abstraksjonar i 3D-modelleringsteknologi formar arbeid, omgjevnader og sanseopplevingar. Det kunstnariske forskingsarbeidet søker å gjere desse abstraksjonane synlege og konkrete – gjennom kunstverk du kan røre ved, gå gjennom og oppleve med kroppen.

– Eg er opptatt av korleis abstraksjonar, særleg innan teknologi, påverkar verda rundt oss, sjølv om vi sjeldan ser dei. Med kunsten prøver eg å gi form til det usynlege, slik at vi kan sanse og erfare det som vanlegvis berre finst som system og struktur i bakgrunnen, seier Nordahl.

Kunstverka i prosjektet er vist ved mellom anna MUNCH, Kode, Lunds Konsthall, Entrée, Tag Team Studio og Oseana. Verka inkluderer skulpturar i aluminium, interaktive installasjonar og verk i utvida røynd. Dei bygger på undersøkingar av mellom anna 3D-modellar, produksjonsverktøy, programvare og digitale plattformer. Eit sentralt omgrep i prosjektet er “unmaking” – ei hands-on og sanselig tilnærming til å forstå abstraksjonar gjennom fysisk formgjeving.

Nordahl er medgrunnleggar av Aldea senter for samtidskunst og teknologi i Bergen, saman med Cameron MacLeod. Aldea er eit produksjonssenter der mykje av forskingsarbeidet er utført, og huser eitt av dei største opne verkstadsmiljøa for digital produksjon på Vestlandet.

Personalia

Magnhild Øen Nordahl er biletkunstnar og medgrunnleggar av Aldea Senter for Samtidskunst, Design og Teknologi, med BA frå Kunst og Designhøgskolen i Bergen og MA frå Kungliga Konsthögskolan i Stockholm. Doktorgradsarbeidet vart utført ved Kunstakademiet, Faktultet for Kunst, Musikk og Design, under rettleiing av Eamon O´Kane, Anthea Buys, Synne Tollerud Bull og Tominga O´Donnell. Resultat frå forskingsprosjektet har blitt vist ved m.a. MUNCH, Kode, Lunds Konsthall, Entrée, Oseana og Tag Team.