Norsk grammatikk i Latin-Amerika
Marie Lund Stokka disputerer 30.05.2025 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Grammatical Gender in Latin American Heritage Norwegian»
Hovedinnhold
I doktorgradsarbeidet sitt undersøker Lund Stokka distribusjonen av grammatisk kjønn i ein hittil uutforska del av det norske språket: norsk tileigna som morsmål av etterkomarar etter utvandra nordmenn til spansktalande Latin-Amerika. Resultata frå studien viser enkelte tendensar me også ser i fleire norske dialektar i Noreg, særleg at hokjønnsformer blir lite brukte og at det tradisjonelle trekjønnssystemet blir erstatta av eit tokjønnssystem som i konservativt bokmål og i nabospråka standard svensk og dansk. I tillegg viser studien at bruken av inkjekjønnsformer også varierer noko, og at hankjønnsformer hos enkelte talarar har teke over for dei fleste substantiva.
Det er lenge sidan variasjonen i det norske talespråket blei kartlagd og dagens dialektkart blei teikna opp. Desse skildringane har lege til grunn for forsking på både samtidig variasjon og historisk utvikling i det norske språket. Likevel finst der greiner av språket vårt som endå ikkje er kartlagd, slik som det norske språket til etterkomarar etter utvandra nordmenn, som kan gi oss ny kunnskap om både variasjon og utvikling i norsk, så vel som informasjon om korleis språk blir tileigna og prosessert generelt.
Ved å studera kva for grammatiske trekk som blir fullstendig tileigna i ein situasjon med avgrensa innputt og konstant kontakt med eit anna dominant språk, i dette tilfellet spansk, føyer doktorgradsarbeidet til Lund Stokka seg inn i rekka av fleirspråklegheits- og tileigningsstudiar som prøver å avdekka korleis språk blir tileigna og prosesserte og kva som avgjer kva delar av språket som er lette å tileigna seg, og som dermed er stabile over tid, og kva som er vanskelegare å tileigna seg og gjerne endrar seg over tid.
Personalia
Marie Lund Stokka har ei mastergrad i nordisk frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet blei utført ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Det humanistiske fakultet i perioden 2021–2025 under rettleiing av professor Kari Kinn (UiB) og professor Silvina Montrul (University of Illinois). Arbeidet utgjer ein del av forskingsprosjektet Norwegian Across the Americas: New Perspectives on Heritage Languages finansiert av Noregs forskingsråd.