Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Betre sparing av hjernen ved protonbehandling av barnekreft

Andreas Havsgård Handeland disputerer 26.6.2025 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Advancing Proton Therapy for Paediatric Cancer: The Role of Linear Energy Transfer in Predicting and Mitigating Brainstem Toxicity".

Hovedinnhold

No startar eit nytt kapittel i norsk strålebehandling med to nyopna protonsenter. Samanlikna med konvensjonell strålebehandling med foton kan protonbehandling skåna friskt vev, og dermed minka risiko for stråleinduserte biverknader. Av den grunn er protonbehandling spesielt aktuelt for behandling av barn. Barn har gode utsikter for å bli heilt frisk frå kreft og er forventa å leve lenge etter behandling. Dermed viktiggjerast det å oppretthalde livskvaliteten deira langsiktig.

Den auka sparinga til protonet skuldast energiavsetjinga som aukar når det bremsast ned. Fotonet gjer derimot nokolunde konstant skade gjennom kroppen. Dermed er målet med protonbehandling at protona bremsast ned akkurat der svulsten ligg. Likevel er det òg forskjellar i korleis partiklane skadar vev, noko som beskrivast av den relative biologiske effektiviteten (RBE). Spesielt sentral for RBE-en mellom proton og foton er den lineære energioverføringa (LET), som beskriv mikroskopisk skade frå partiklane. Denne er høgare for proton enn foton.

I dette doktorgradprosjektet har RBE og LET til hjernestamma og andre kritiske hjernestrukturar hos protonbehandla barn med svulstar i hjernen eller hovudet vorte utforska. Arbeidet er gjort i samarbeid med protonsenteret i Jacksonville, Florida, som har gitt protonbehandling til mange barn, inkludert fleire norske barn. Det har vore spesielt fokus på hjernestammenekrose. Dette er ei alvorleg, men sjeldan biverknad som kan følgje av høg stråledose til hjernestamma og kan potensielt òg knytast til auka LET. Eit fåtal barn behandla med proton i Florida har fått hjernestammenekrose og desse vart samanlikninga med barn utan hjernestammenekrose. Det vart påvist auka LET i hjernestamma for pasientane med hjernestammenekrose, samt auka LET der nekrosen oppstod samanlikna med kringliggjande vev.

Nye teknikkar innan protonbehandling vart vidare utforska og viste potensiale for å minske proton RBE og dermed òg minske risiko for biverknader som hjernestammenekrose.

Personalia

Andreas Havsgård Handeland har ei mastergrad i medisinsk fysikk frå Universitetet i Bergen. Doktorgrada er utført ved Kreftklinikken, Haukeland Universitetssjukehus og Institutt for Fysikk og Teknologi, Universitetet i Bergen. Doktorgrada er rettleia av førsteamanuensis Camilla Hanquist Stokkevåg som hovudrettleiar og professor Kristian Smeland Ytre-Hauge.