Tryggare og enklare vevsprøve av prostata
Alfred Honoré disputerer 10.4.2026 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Cognitive Coaxial Targeted Transperineal Prostate Biopsy: Safety and Efficacy of a Novel Technique".
Hovedinnhold
Kvart år blir det utført omkring 8 000–10 000 vevsprøver av prostata i Noreg. Tradisjonelt har desse prøvene blitt teke gjennom endetarmsveggen, noko som medfører ein betydeleg risiko for alvorlege infeksjonar då bakteriar frå tarmen kan kome inn i kroppen.
I sitt doktorgradsarbeid har Alfred Honoré undersøkt ein ny og sikrare metode der vevsprøvene blir teke gjennom huda i mellomkjøttet i staden for gjennom tarmen. Ved å bruke ein enkel og billeg teknikk kalla "kognitiv koaksial målretta biopsi", har Honoré vist at ein kan oppnå same presisjon som ved dyrare og meir ressurskrevjande metodar.
Metoden krev ikkje spesialutstyr, er enkel å lære bort og kan lett takast i bruk ved alle sjukehus. Resultata viser at den nye teknikken har god evne til å oppdage behandlingskrevjande kreft, samstundes som risikoen for infeksjon blir dramatisk redusert – sjølv utan bruk av førebyggande antibiotika. Dette er eit viktig bidrag i kampen mot antibiotikaresistens.
Prosjektet bidreg til ein tryggare kvardag for pasientane og reduserer ressursbruken i helsevesenet for ei stor og aukande pasientgruppe.
Personalia
Alfred Honoré (f. 1978) er utdanna lege ved The Royal College of Surgeons in Ireland (2005). Han er spesialist i urologi og generell kirurgi, og jobbar som fagansvarleg overlege ved Prostatasenteret på Haukeland Universitetssjukehus. Doktorgradsarbeidet utgår frå Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar har vore professor Christian Beisland, med medrettleiar doktor Christian Arvei Moen.
