Persontilpassa behandling av multippel sklerose
Trond Trætteberg Serkland disputerer 23.4.2026 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Towards model informed precision dosing of anti-CD20 therapeutic monoclonal antibodies in relapsing remitting multiple sclerosis".
Hovedinnhold
Biologiske legemiddel har revolusjonert behandlinga av fleire sjukdomar, inkludert multippel sklerose (MS). Desse legemidla blir i dag ofte gitt med standard dosering til alle pasientar. Samstundes viser forsking at effekten kan variere betydeleg frå person til person. Nokre pasientar får meir behandling enn nødvendig, medan andre kan ha behov for tettare oppfølging.
I dette doktorgradsarbeidet har Serkland undersøkt korleis ein kan tilpasse behandlinga betre til den enkelte pasienten. Prosjektet kombinerer avanserte laboratoriemetodar med matematisk modellering og klinisk farmakologi. Ved å måle legemiddelkonsentrasjonar i blod og analysere utviklinga av immunceller over tid, har han utvikla modellar som kan seie noko om kor lenge behandlinga verkar hos kvar enkelt pasient.
Resultata legg grunnlaget for meir persontilpassa behandling av MS. På sikt kan dette bidra til betre effekt av behandlinga, færre biverknader og meir effektiv bruk av ressursar i helsetenesta. Metodane som er utvikla kan også vere relevante for persontilpassing av biologiske legemiddel innan andre sjukdomsområde.
Personalia
Trond Trætteberg Serkland er overlege i klinisk farmakologi ved Haukeland universitetssjukehus. Han har arbeidd med klinisk farmakologi og terapeutisk legemiddelmonitorering, med særleg vekt på biologiske legemiddel og persontilpassa behandling. Arbeidet er utført ved Universitetet i Bergen (K2) og Haukeland universitetssjukehus. Hovudrettleiar har vore Silje Skrede, med medrettleiarar Erik Ingmar Hallin, Susanna Röblitz og Øivind Torkildsen.
