Stadig fleire overlever alvorlege brannskadar i Noreg
Ragnvald Ljones Brekke disputerer 24.4.2026 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Burn Care in Norway: Epidemiology and Outcomes".
Hovedinnhold
Kvart år vert om lag 800 pasientar med brannskadar lagde inn i norske sjukehus. I sitt doktorgradsarbeid viser Ragnvald Ljones Brekke at kvaliteten på behandlinga dei mottek gjennomgåande er god – og i stadig betring. Avhandlinga byggjer på lange tidsseriar med kliniske data frå Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, kombinert med data frå nasjonale helseregister. Arbeidet analyserer epidemiologi, pasientflyt, behandlingsutfall og sentrale kvalitetsindikatorar i brannskadeomsorga. Studien viser betre overleving, kortare liggetid i sjukehus og meir effektiv organisering av behandlinga over tid. Resultata viser at talet på brannskadar som krev sjukehusinnlegging nasjonalt har vore relativt stabilt. Samstundes har talet på pasientar ved Brannskadeavdelinga på Haukeland meir enn dobla seg. Dette tyder på ei tydeleg auka sentralisering av behandlinga, særleg for dei yngste barna og dei eldste pasientane. Avhandlinga dokumenterer ein markant reduksjon i dødelegheit, også ved alvorlege skadar. Samstundes har liggetida i sjukehus gått ned trass i auka pasientvolum, noko som indikerer både høgare behandlingskvalitet og betre ressursutnytting. Studien peikar òg på utfordringar, mellom anna avgrensingar knytte til vurdering av skadens omfang og bruk av etablerte styringsmål åleine. Avhandlinga understrekar behovet for meir presise vurderingsverktøy, betre tilvisingsrutinar og meir pasientsentrerte kvalitetsindikatorar. Samla gir avhandlinga eit solid kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av norsk brannskadebehandling og viser at målretta organisering og sentralisering kan gi betre behandling til pasientane.
Personalia
Ragnvald Ljones Brekke (f.1977) er utdanna lege frå Universitetet i Bergen (2003). Han er spesialist i plastisk kirurgi og arbeider som avdelingsoverlege ved Brannskadeavdelinga, Haukeland universitetssjukehus. Doktorgradsarbeidet utgår frå Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar har vore professor Emma Hansson og medrettleiarar har vore fyrsteamanuensis Stian Kreken Almeland og fyrsteamanuensis Monika Kvernenes
