Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Uklåre krav i samfunnsfaget kan forsterke klasseskilje

Thomas Ringen Eide disputerer 15. mai 2026 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Ferdigheiter i feltet. Ein kvalitativ studie av sosial klasse og deltaking i samfunnsfaget».

Hovedinnhold

Skulen skal gi alle elevar like moglegheiter, men ny forsking viser at open og inkluderande undervisning kan forsterke klasseskilje.

Avhandlinga undersøker fagspesifikke ferdigheiter i samfunnsfag og korleis elevar møter og forstår desse. Eit sentralt funn er at faglege forventingskrav ofte ikkje blir forklart tydeleg og må tolkast gjennom deltaking i undervisninga. Elevane må forstå kva som tel som gode svar, og korleis dei bør uttrykkje seg fagleg. Elevar med foreldre med høgare utdanning kjenner seg oftare trygge, deltek meir aktivt og får større fagleg utteljing. Elevar utan slik bakgrunn er oftare tilbakehaldne.

Analysane peikar på eit paradoks. Undervisningsformer som opne diskusjonar og utforskande arbeid er meint å inkludere alle, men kan forsterke skilje. Når oppgåver er opne og forventingskrava ikkje blir sagt tydeleg, spelar sosial bakgrunn ei rolle for korleis elevane tolkar kva som tel i faget.

Avhandlinga viser korleis sosial ulikskap framleis kan oppstå i ein open og inkluderande skule. Samtidig løfter analysen fram eit potensial i samfunnsfaget. Når undervisninga gjer forventingskrava tydelegare, kan fleire elevar lykkast. Samfunnsfagspesifikke ferdigheiter kan styrke utgangspunktet for å delta i samfunnsdebattar og ta stilling til viktige spørsmål.

Personalia:

Thomas Ringen Eide (f. 1987) har mastergrad i sosiologi frå Universitetet i Bergen og praktisk-pedagogisk utdanning. Han har arbeidd som lektor i vidaregåande skule og som høgskulelektor ved NLA Høgskolen. Avhandlinga er gjennomført ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen.