Hjem
Nye doktorgrader
NY DOKTORGRAD

Nanomaterial for medisinsk diagnose

Hjørdis Skår disputerer fredag 28. mars 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Relaxivity of Gadolinium-Grafted Periodic Mesoporous Silica".

Hovedinnhold

Magnetresonans (MR)-bilete er nyttige reiskapar for å stille medisinske diagnosar på menneske og dyr. MR-bilete viser kontrastar i kroppsvev. For å betre kontrasten kan ein gje pasienten kontrastvæsker, kjemiske sambindingar som inneheld metallet gadolinium. Ei stor utfordring i framstillinga av kontrastvæsker er å lage sambindingar som er ufarlege for pasienten, og samstundes gjev ein god kontrast i bileta. I dei siste åra har ulike typar nanomaterial vorte undersøkte som moglege kontrastvæsker for MR, men det har vist seg vanskeleg å kontrollere eigenskapane til materiala. Skår si forsking fokuserer difor på korleis ein kan kontrollere dei kjemiske eigenskapane til ein type nanomaterial - porøse silika, for å oppnå best mogleg kontrast i MR-bilete.

Ved å nytte ein ny metode for å binde gadolinium til overflata på materiala, har Skår utvikla sambindingar som tidlegare ikkje har vore undersøkte som moglege kontrastvæsker for MR. Effektiviteten av ei kontrastvæske vert vanlegvis illustrert av omgrepet relaksasjon, der høg relaksasjon gjer best kontrast i MR-bileta. Resultata viser at sambindingane Skår har utvikla har svært høg relaksasjon samanlikna med eksisterande kontrastvæsker.  

Vidare har arbeidet gitt ny innsikt i kva for nokre eigenskapar til porøse material som spelar ei rolle for relaksasjonen. Basert på omfattande undersøkingar av kjemien til materiala viser avhandlinga at eigenskapar som porestorleik og struktur, overflatekjemi, mengda gadolinium bunde til partiklane og plasseringa av gadolinium i materiala regulerer relaksasjonen. Skår si forsking syner at berre ved å setje saman puslespelet av kjemiske eigenskapar på rett måte kan ein utvikle betre kontrastvæsker frå nanomaterial. Den nye kunnskapen utgjer eitt viktig grunnlag for framtidig utvikling av kontrastvæsker frå nanostrukturerte material.

 

Personalia:

Hjørdis Skår (f. 1984) vaks opp på den idylliske fjellgarden Skår i Granvin, Hardanger. Ho har mastergrad i kjemi frå Universitetet i Bergen (UiB). I åra 2009-2013 var ho stipendiat ved Kjemisk Institutt, UiB. Prosjektet vart rettleia av førsteamanuensis John Georg Seland (UiB) og professor Reiner Anwander (Universität Tübingen, Tyskland). Sidan mai 2013 har Skår arbeidd som forskar i selskapet Joma International AS i Bergen, der ho utviklar nanopartiklar som bryt ned forureining i luft.