Hjem
Nye doktorgrader

Grunnmarine prosessar i tid og rom

Christian Haug Eide disputerar tysdag 3. juni 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Shallow-marine facies and virtual outcrop geology: Intra-parasequence variability in ancient, shallow-marine environments”.

Hovedinnhold

Eides doktorgradsarbeid har konsentrert seg om avsetjingar frå kystlinjer der elver bringer grus, sand og leire til havet. Verdas kystlinjer er komplekse og i stadig endring. Dette skuldast endringar i faktorar som havnivå, klima,  tektonikk og forholdet mellom styrken på bølgjer, tidevatn og elveprosessar. Geologiske avsetningar av grunnmarine miljø er derfor eit arkiv som viser korleis samspelet mellom desse prosessane har variert gjennom jordas historie. Dette er viktig kunnskap både for å forstå korleis klimaet har variert gjennom tidene, og for å forstå og føreseie korleis ein best kan gjere seg nytte av grunnvass-, hydrokarbon- eller CO2-reservoar.

I dette prosjektet har svært store (cirka 30 km lange og 200 m høge) geologiske blotningar av grunnmarine avsetningar frå Utah i USA og Jameson Land på Austgrønland blitt undersøkt ved hjelp av tradisjonelt feltarbeid og høgoppløyselege 3D-modellar samla inn ved hjelp av laserskanning frå helikopter. Samstillinga av tradisjonelle feltdata og 3D-modellar gjer at ein kan gjere kontinuerlige undersøkinga over store område med eit mykje større detaljnivå enn liknande studiar har gjort tidlegare.

Resultata i dette arbeidet viser mellom anna at terrenget under havbotnen har meir å seie for utbygginga av kystlinjer enn tidlegare antatt, og at dette har ført til signifikante forbetringar for modellar for grunnmarine avsetningar.

 

Personalia:

Christian Haug Eide er fødd i 1986 og kjem frå Vågsøy i Sogn og Fjordane, der han gjekk på Måløy Vidaregåande Skule. Han har teke heile si universitetsutdanning ved UiB, unnateke eit kortare opphald ved Australian School of Petroleum på Universitetet i Adelaide. Dette omfatta ein treårig bachelor i geofysikk og toårig mastergrad i marin- og petroleumsgeologi. Han arbeider for tida som forskar ved Uni Research CIPR i Bergen. Veileiar gjennom doktorgraden har vore professor John Howell.