Hjem
Nye doktorgrader

Dataspel i barnehagen

Vigdis Vangsnes disputerer fredag 6. juni 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «The Dramaturgy and Didactics of Computer Gaming – a Study of a Medium in the Educational Context of Kindergartens».

Hovedinnhold

I doktorgradsarbeidet har Vangsnes fokus på læringspotensial ved bruk av dataspel i barnehagen og utfordringane pedagogane møter når dataspel vert tekne inn som eit nytt medium. Observasjonar og analysar av funna i praksisfeltet viser at barna, barnehagelæraren og spela representerer ulike forforståingar, forventningar og ideal om kva som skal skje; barnet med si leikande tilnærming og pedagogen og spelet med sine pedagogiske inngangar. Det er også ein motsetnad mellom den innebygde pedagogikken i spelet og barnehagelæraren sine ideal om korleis leik og læring best vert ivareteke i barnehagen. Denne dissonansen kjem til uttrykk både i observasjonar, i intervju med barnehagelærarane og i ein landsomfattande survey.

Eit anna sentralt funn er at barnehagelærarane ofte ser ut til å ikkje finna sin plass i spelsituasjonen, dei trekker seg tilbake og går inn i ei distansert lærarrolle. Når dei deltek i spelinga, vekslar dei mellom å ta i bruk to andre sentrale lærarroller; den styrande og den støttande. Ulike media, deltakarar, tema og situasjonar inviterer til alle desse tre posisjonane. Det vert difor viktig for barnehagelæraren å ha god kjennskap til barnas livsverd og til det mediet dei tek inn i barnehagen. Samstundes er det føremålstenleg å tileigna seg eit utvida repertoar for utøving av dei ulike lærarrollene. I avhandlinga vert det konkludert med og skissert ein dramaturgisk didaktisk modell som kan tilby lærarar og lærarutdannarar ein alternativ didaktikkmodell når dei skal iscenesetja samspelet mellom barn, innhald, medium og pedagog. Denne modellen tek opp i seg byggjesteinar frå drama- og teaterfaget. I modellen legg ein opp til at læraren planlegg ut frå kunnskap og refleksjon om roller, innhald, handling, medium, rom og tid.

Personalia

Vigdis Vangsnes er fødd i Fjærland i Sogn. Ho tok Master of Arts i pedagogisk drama ved University of Durham, England i 1986. Sidan 1993 har Vangsnes vore tilsett ved lærarutdanninga, Høgskolen Stord/Haugesund, frå 1995 som førstelektor. Ph.d.-prosjektet var initiert av DIGOB (digitale objekts plass i barns sosiale og språklege danning i barnehagen), eit forskingsprosjekt ved HSH, finansiert av NFR. Forskarutdanninga har vore gjennomført ved UiB med professor Rune Johan Krumsvik som rettleiar.