Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Blodtrykksfall og kvitsubstansforandringar ved mild demens

Hogne Sønnesyn disputerer fredag 19. september 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Frequency and prognostic implications of orthostatic hypotension and white matter hyperintensities in older people with mild dementia”.

Hovedinnhold

Demens er ein alvorleg tilstand som for det meste råkar eldre personar. Personar med demens kan, i tillegg til å ha problem med korttidsminne og f.eks. språk, og ha andre problem, som depresjon og unormalt stort blodtrykksfall når dei reiser seg (ortostatisk hypotensjon, OH). I tidlegare studiar har ein funne haldepunkt for at begge desse tilstandane kan ha samanheng med ein viss type forandringar i den kvite hjernesubstansen, som blir påviste ved magnetresonanstomografi (MR), på engelsk ofte kalla «white matter hyperintensities» (WMH). WMH kan ha fleire ulike årsaker, bl.a. såkalla «småkarsjukdom» i hjernen. OH er viktig fordi det aukar risikoen for bl.a. fall, som er eit stort problem blant eldre.

Pasientane i denne studien er deltakarar i Demensstudien på Vestlandet (DemVest), der ein i perioden 2005 til 2007 inkluderte omkring 200 eldre med mild demens, med årlege oppfølgingskontrollar.

I avhandlinga fann vi at OH var mykje vanlegare i dette utvalet av personar med mild demens enn hos tilsvarande eldre utan demens, og at demens såg ut til å vere ein uavhengig risikofaktor for OH. Vidare fann vi at 30-45 prosent hadde OH ved kvar av dei årlege kontrollane, men berre nokre få hadde det ved fleire påfølgande kontrollar. Det å ha OH både ved starten av studien og eitt år seinare såg ikkje ut til å bety noko for korleis det gjekk med pasientane dei første fem åra, med omsyn til  kognitiv og dagleg funksjon og overleving. Vi kunne ikkje påvise nokon samanheng mellom OH og WMH undersøkt ved starten av studien. Derimot kunne det sjå ut til å vere ein samanheng mellom graden av WMH og depresjonssymptom ved studiestart, og kanskje òg etter eitt år.  

 

Personalia

Hogne Sønnesyn (f. 1957) studerte medisin ved Universitetet i Tromsø, og er seinare blitt spesialist i indremedisin og geriatri. Han har sidan 1999 vore overlege ved geriatrisk seksjon, Stavanger universitetssjukehus (SUS). Sidan mai 2011 har han i tillegg vore ph.d.-stipendiat ved Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, med stipend frå Helse Vest. Professor Dag Aarsland har vore hovudrettleiar for doktorgradsprosjektet, og professor Dennis W.T. Nilsen har vore medrettleiar.