Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kven har høyrt om EU-tenkjetankar?

Marybel Perez disputerer tirsdag 2. desember 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «The European Union’s Socialising Institutions. The Role of EU Think Tanks in EU Policymaking».

Folk har stort sett høyrt om tenketankar som Civita i Noreg, eller Brookings Institute i USA. Men kven har høyrt om Bruegel, eller Friends of Europe? EU-tenkjetankar er jamt over ikkje godt kjende, og det er få som veit særleg mykje om kva dei jobbar med. Årsaka til dette er at dei ikkje har høve til å ta del i politikkutvikling, og at dei slit med å oppnå kontakt med europeiske borgarar.

Forskinga til Perez syner at EU-tenkjetankar slit med å oppnå kontakt med europeiske borgarar fordi EU-institusjonane søkjer seg til organisasjonar med andre kjennemerker enn dei ein finn hos tenkjetankar. EU-institusjonar søkjer seg til organisasjonar som representerer særinteressene til visse politikkutøvarar, også borgarar, og som kan gje desse institusjonane informasjon om haldningane som rår innanfor breie sektorarar i Europa. Når organisasjonane ikkje har desse kjennemerka, er det vanskeleg for dei å vise EU-institusjonane at dei er relevante, og dimed blir det vanskeleg for dei å ta del i politikkutforminga. EU-tenkjetankane representerer ikkje særinteresser og har avgrensa tilgang til ressursar, og dimed dårleg høve til å omtale haldningar innanfor breie sektorarar i Europa.

Trass desse vanskane finn Perez at EU-tenkjetankane speler ei rolle i politikkutviklinga i EU. EU-institusjonane og andre politiske aktørar treng tenkjetankar. For å hevde legitimitet lyt desse institusjonane vise at dei prøvar å høyre så mange røyster som muleg. Samstundes prøvar dei aktørane som slit med å ta del i den offisielle politikkutviklinga forskjellige strategiar for å få meininga si høyrd i EU-institusjonane. Det er her EU-tenkjetankane speler rolla si som mellommenn. EU-tenkjetankar kan bli aktørar som koplar EU-institusjonane og diverse politiske aktørar saman.

Dette har viktige konsekvensar for EU-tenkjetankar. Å bygge gode nettverk er ikkje nok for å bli ein vellykka EU-tenkjetank. For å halde på rolla som mellommann er tenkjetankane avhengige av gode evner til å sameine informasjon, ei høg grad av openheit og innsyn samt å utvikle eit mangfaldig nettverk for å unngå reproduksjon av gamle tankar.

 

Personalia:
Perez er førelesar på ESSCA École de Management i Angers, Frankrike og TNS Parsons i Paris. Ho var doktorgradsstipendiat i det sjette rammeverksprosjektet Eurosphere ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen. Merittane hennar omfattar elles fleire universitet i land som Spania, Noreg, England og Frankrike.