Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Tverrprofesjonelt samarbeid for utsette barn og unge

Elisabeth Hesjedal disputerer onsdag 17.desember 2014 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Tverrprofesjonelt samarbeid mellom skule og barnevern: Kva kan støtte utsette barn og unge?”

Hovedinnhold

Sentrale lovverk og retningslinjer knytt til utsette barn og unge oppmodar til tverrprofesjonelt samarbeid mellom barnevernstenestene og grunnskulane. Likevel syner fleire rapportar at samarbeidet mellom desse tenestene som skal støtte utsette barn og unge ikkje er optimalt.

Den første av dei tre studiane i avhandlinga er ei dokumentanalyse av sentrale utdanningspolitiske skuledokument publiserte etter  Kunnskapsløftet 2006.  Her utforskast kva dei utvalte dokumenta rapporterer om tverrprofesjonelt samarbeid i samband med utsette barn og unge sin skulegang. I det andre og tredje studiet gjennomførte Hesjedal intervju med lærarar tilsette i grunnskulen og sosialarbeidarar tilsette i barnevernstenestene.  I det andre studiet vart lærarar og sosialarbeidarar sine subjektive opplevingar kring godt samarbeid i ansvarsgrupper knytt til utsette barn og unge undersøkt. I det tredje studiet vart det undersøkt korleis desse lærarane og sosialarbeidarane nytta ansvarsgruppene til å støtte utsette barn og unge.

Avhandlinga etterspør tydlegare lovverk og retningslinjer som kan støtte opp under tverrprofesjonelt samarbeid sett ut i frå eit skuleperspektiv. Avhandlinga viser at engasjerte profesjonelle set barnet og barnet sine behov først i samarbeidet. Resultat i frå avhandlinga viser også at profesjonelle sin kompetanse er av betyding for vel fungerande samarbeid, både når det gjeld samarbeidet mellom dei profesjonelle, og dei profesjonelle si støtte til barn, foreldra og/eller andre omsorgspersonar.

Doktorgradsarbeidet viser at det er eit behov for ytterlegare forsking kring tverrprofesjonelt samarbeid for utsette barn og unge sett ut i frå eit skuleperspektiv. Hovudfunna gir kunnskap om kva som kan kjenneteikne godt samarbeid mellom tenestene for utsette barn og unge.

Personalia:

Elisabeth Hesjedal er i frå Hesjedalen i Stamnes, Vaksdal kommune. Frå 1999 til 2006 var ho tilsett som spesialpedagog og lektor i Hordaland Fylkeskommune. Frå 2006 har ho vore tilsett som høgskolelektor ved NLA Høgskolen. I stipendiatperioden vart doktorgradsarbeidet hennar gjennomført ved Institutt for samfunnspsykologi, ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen.