Hjem
Nye doktorgrader
ny doktorgrad

Eigenskapane til reservoar påverkar olje/vatn-fordelinga

Rhiannon Tveiten Lewis disputerer fredag 25. september 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:“Characterizing liquid dynamics and surface interactions in porous materials using Nuclear Magnetic Resonance”.

Hovedinnhold

Eit viktig tema innanfor både grunnforsking og industriell utvikling er å forstå forholdet mellom rørsle hjå væsker og strukturen til eit porøst media. Porøse media inneheld eit nettverk av små, ofte væskefylte, holrom, kalla porer. Eksempel på eit slikt system er oljereservoar som består av porøse bergartar. Kunnskap om korleis vatn, olje og gass oppfører seg i oljereservoar er svært viktig for ein effektiv oljeproduksjon.

Doktoravhandlinga nyttar teknikken kjernemagnetisk resonans (NMR) til å studere væskedynamikk der ein kan få informasjon om porestruktur og korleis dei ulike væskene er fordelt i porene til eit porøst system. Mekanismane til vekselverknadar som finst i nærleiken av, eller på, ei overflate mellom eit fast stoff og ei væske har også vorte studerte på molekylært nivå.

Arbeidet i denne avhandlinga har auka forståinga av korleis to ulike væskefasar, som olje og vatn, vil fordele seg i eit bestemt system og korleis utveksling av vassmolekyl i porenettverket kan studerast. Det vart også oppnådd detaljert informasjon om organiseringa av vassmolekyl ved ei fast overflate og korleis ein slik vass-struktur kan nyttast til å studere bindinga av andre molekyl ved overflata, som i ein porøs bergart.

Dette studiet nytta ulike prøver med kjende eigenskapar for utvikling av metodar som vart nytta til å undersøkja eigenskapar som porestorleik og fordelinga av olje og vatn i naturlege bergartar. 

 

Personalia:

Rhiannon Tveiten Lewis (f. 1986) er født og oppvaksen på Tveiten, Osterøy. Ho har mastergrad i fysikalsk kjemi ved Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen. Sidan september 2011 har ho arbeidd med doktorgraden saman med sin rettleiar førsteamanuensis John Georg Seland og postdoktor Christian Totland.