Hjem

Nye doktorgrader

ny doktorgrad

Nikolai Astrups kunst i nye perspektiv

Tove Kårstad Haugsbø disputerer fredag 30. oktober 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Fortida gjennom notida. Nikolai Astrups kunst i nye perspektiv».

I avhandlinga løftar Haugsbø fram ei ny forståing av Nikolai Astrups kunst. Ved å utforske fortida gjennom notidas kunstteori og –praksisar, argumenterer avhandlinga for at det er mange uoppdaga kvalitetar og nye sider ved Astrups kunstnarskap. Arbeidet skil seg frå tidlegare Astrup-forsking ved at den ikkje konsentrerer seg om ei biografisk eller nasjonal kunsthistorieforståing, men heller aktualiserer og fornyar vårt syn på kunstnarskapet.

I lys av eit såkalla performativitetsperspektiv, argumenterer Haugsbø for at heller enn å forstå forholdet mellom livet og kunsten som eit dokumentarisk og låst forhold, slik ein tradisjonelt sett har tolka kunstnarbiografiar i kunsthistoria, må forstå kunsten som eit opent og stadig levande uttrykk. Ei utforsking av Astrups mange utanlandsreiser, viser dessutan at han ikkje var ein isolert kunstnar i «fjellbygden» Jølster, slik tidlegare forskarar har hevda, men at kunsten er transnasjonal, altså i flyt over nasjonale grenser. Dette opnar for å utforske internasjonale impulsar i kunstnarskapet, som til dømes Astrups interesse for den russiske ekspresjonisten Vassilij Kandinskij, og forholdet mellom musikk og maleri. Haugsbø har òg kartlagt Astrups sterke interesse for moderne teknologiar som fotografiapparatet, og drøfta forholdet mellom kunstnarens fotografiske praksis i relasjon til bildekunsten.

I tillegg har Astrups seine verk, som tradisjonelt sett har vorte rekna som «sørgelige rester av et oprinnelig stort og merkelig talent», for å bruke kunstkritikaren Jappe Nilssen sine ord, fått fornya aktualitet i avhandlinga til Haugsbø. Sett i forhold til Land Art og romantisk hagekunst, viser Haugsbø at motivserien frå Astruptunet er uttrykk for eit multimedialt landskapsprosjekt, der Astrup reint fysisk har utforma landskapet som eit motiv for bildekunsten. Desse perspektiva bringer fram nye og aktualiserande sider ved kunstnarskapet, som plasserer Astrup blant ein av Norge mest nyskapande kunstnarar på byrjinga av 1900–talet.

 

Personalia:

Tove Kårstad Haugsbø (fødd 1984) tok mastergraden i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen i 2010. Same år vart ho tilsett som stipendiat ved KODE Kunstmuseene i Bergen, samt ved forskarutdanninga i kunsthistorie ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag (LLE), UiB.