Hjem
Nye doktorgrader
ny doktorgrad

Kva betyr skam og sosial støtte for sjukefråvær?

Marit Knapstad disputerer fredag 6. november 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Psychological factors in long-term sickness absence: the role of shame and social support. Epidemological studies based on the Health Assets Project”.

Lange og gjentekne sjukefråvær aukar sjansen for at ein ikkje kjem tilbake i arbeid. For å førebygge utstøyting frå arbeidslivet treng vi kunnskap om hinder for retur til arbeid. Sjukefråvær er bestemt av ei rekke forhold. Vi treng vite meir om korleis det sosiale miljøet og den sjukmeldte sine tankar, kjensler og opplevingar er knytt til sjukefråvær.

Målet med denne doktoravhandlinga er å betre kunnskap om korleis skam og opplevd sosial støtte på jobben er relatert til langtidssjukefråvær. Avhandlinga består av tre artiklar med data frå ei svensk befolkningsbasert spørjeundersøking, kopla til data på sjukefråvær i åra før og etter spørjeundersøkinga. Ein viktig føresetnad for å kunne bruke resultata er at deltakarane representerer den gruppa vi vil lære noko om. Funn i avhandlinga tyder på at deltakarane likna dei som ikkje deltok med omsyn til sjukefråvær.

Avhandlinga viser at sjukemeldte som sa dei opplevde mykje skam knytt til sitt sjukefråvær oftare og var sjukmeldte året etter. Yngre deltakarar, dei som var sjukmeldte for psykiske plager og lidingar, personar fødde utanfor Norden og dei med mykje tidlegare sjukefråvær rapporterte meir skam enn samanlikningsgruppene.

Vidare viser resultata at arbeidstakarar med tidlegare langtidssjukefråvær har større sannsyn for å oppleve låg sosial støtte på jobben og frå sin overordna, samanlikna med arbeidstakarar utan tidlegare langtidssjukefråvær.

Summert opp tyder funna på at sjukefråvær kan ha negative sosiale følgjer for individet, som vidare kan verte hinder når ein skal tilbake i arbeid. Dette synleggjer at mellommenneskelege forhold er viktige å adressere både i vidare forsking på sjukefråvær og ved rehabilitering av langtidssjukmeldte.

Personalia:

Marit Knapstad (f. 1982) er frå Jølster. Ho er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen (UiB), 2009, og har vore tilsett som stipendiat ved HEMIL-senteret, UiB. Under stipendiatperioden har ho og vore tilknytt Folkehelseinstituttet (FHI), Avd. Samfunn og psykisk helse, og Gøteborgs Universitet (GU), Sahlgrenska akademin. Prosjektet var finansiert av UiB, med Simon Øverland (FHI/UiB) som hovudrettleiar og Kjell Vaage (UiB), Gunnel Hensing (GU) og Maurice Mittelmark (UiB) som birettleiarar.