Hjem
Nye doktorgrader

Kva er langtidseffektane av djup hjernestimulering ved Parkinsons sjukdom?

Bård Flattun Lilleeng disputerer fredag 12. februar 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: «Long term clinical disease progression in patients with Parkinson’s disease after STN Deep Brain Stimulation».

Ei ny ph.d-avhandling ved Universitetet i Bergen har vist at hjernestimulering er god, effektiv og trygg handsaming for typiske symptom i samband med Parkinsons sjukdom. Effekten er først og fremst på rørslehemmings- og rørsleforstyrrings-symptom som redusert rørsletempo, auka muskelspenningar og skjelvingar. På grunn av betringa i desse hemmande plagene klarar dei fleste pasientane seg med mykje mindre Parkinson-medisinar etter operasjonen. Oppfølginga av pasientar over tid viser at effekten heldt seg ganske stabil over mange år. Operasjonen er trygg, med få uønska hendingar. Operasjon eller ikkje ser ikkje ut til å påverke kor lenge ein lever med Parkinsons sjukdom. Depresjon er ganske vanleg hjå pasientar med Parkinsons sjukdom, og ein har mistenkt at hjernestimulering kunne forverre dette. Like etter operasjonen vart imidlertid mange Parkinson-pasientar betre av depresjon, og utviklinga av depresjon seinare var lik mellom pasientar som vert opererte og dei som ikkje vart opererte.

Ein har lurt på om hjernestimuleringsoperasjonar kunne beskytte hjernen mot vidare skadar frå Parkinsons sjukdom. Forskingsresultata som no vert lagt fram tyder på at operasjon med stimuleringselektrodar korkje kurerar eller bremsar opp Parkinsons sjukdom, men at sjukdommen held fram med å utvikle seg i hjernen uavhengig av operasjonen. Dette gjer at andre plagsame symptom frå Parkinsons sjukdom kan utvikle seg uhindra vidare. Mellom anna gjeld dette symptom som balanseproblem, brå tilstivning, falltendens, søvnforstyrringar og utmatting. Hos pasientar med Parkinson betyr slike symptom mykje for kor sjuk ein kjenner seg. Når det gjeld utmatting kan resultata til og med tyde på at hjernestimulering forverrar utviklinga over tid. Mekanismen for ei slik mogeleg forverra utvikling er ikkje kjent og må forskast vidare på.

 

Personalia:

Bård Flattun Lilleeng er utdanna cand. med. ved Universitetet i Bergen og er spesialist i nevrokirurgi. Forskinga er utført ved Stavanger universitetssjukehus og Rikshospitalet, og forskningsmaterialet er også henta frå desse institusjonane. Frå 2010 har Lilleeng vore tilknytta Nasjonal Kompetansetjeneste for Bevegelsesforstyrrelser, Helse Stavanger HF.