Hjem

Nye doktorgrader

Homoskjellsord blant ungdomsskuleelevar

Hilde Slåtten disputerer onsdag 8. juni 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Gay-related name-calling among young adolescents. Exploring the importance of the context».

Ungdommar i ungdomsskulen brukar gjerne skjellsord og kallenamn som «homo», «homse» og «lesbe» for å rakke ned på kvarandre eller for å tøyse. Dei meiner likevel ikkje alltid noko vondsinna med å bruke desse kallenamna. Formålet med avhandlinga har vore å undersøke korleis ungdommar brukar homoskjellsord, og kva konsekvensar det kan ha å bli utsett for desse skjellsorda. Avhandlinga baserer seg på eit spørjeskjema med 921 elevar på 9.trinn.

Avhandlinga viser at homoskjellsord som oftast vert brukt mellom vener, og at ungdommar ikkje ser ut til å ta skade, i form av meir depressive symptom, av å bli utsett for slike skjellsord når dei vert ytra blant vener. Når ungdommane derimot vart kalla «homo» av nokon som ikkje likte dei eller kjente dei, hadde dei fleire depressive symptom. Aller verst var det for gutane som vart kalla «homo» samstundes som dei vart utsett for mobbing. Likevel, sjølv når mobbing ikkje var involvert, hadde ungdommane som vart utsette for homoskjellsord noko meir depressive symptom.

I avhandlinga kjem det òg fram at gutane som hadde sterke førestillingar om korleis gutar bør oppføre seg, slik som at gutar ikkje bør dele følelsar med nokon, i større grad brukte homoskjellsord mot nokon dei ikkje likte eller kjente, samanlikna med gutane som ikkje hadde slike førestillingar. Det å ha kalla nokon for «homo» var òg knytt til å ha observert medelevar bruke homoskjellsord, og det var knytt til fråvær av negative haldningar til skjellsordbruken.

Til trass for at avhandlinga viser at homoskjellsord mellom vener kan virke uskyldig, er det viktig å vere merksam på at bruken av homoskjellsord ikkje er harmlaus, fordi skjellsorda kommuniserer noko nedsettande om homofile og lesbiske som gruppe, og kan bidra til stigmatisering av homofile og lesbiske.

Personalia:

Hilde Slåtten (født 1980) er oppvaksen på Bryne og busett i Bergen. Ho har ein bachelorgrad i psykologi frå James Cook University i Australia, og ein mastergrad i helsefremjande arbeid (M.Phil) frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet vart utført ved Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar har vore professor Norman Anderssen, og medrettleiar har vore førsteamanuensis Jørn Hetland.