Hjem

Nye doktorgrader

Klimaet langs kysten av Noreg og Svalbard sidan istida

Marthe Gjerde disputerer 17. juni 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Holocene variations in atmospheric circulation in the North Atlantic region reconstructed from lake sediments».

Fortidas klimavariasjonar kan fortelje oss om dagens og framtidas klima. Gjerde har i sitt arbeid rekonstruert fortidsklima ved å sjå nærare på innsjøsediment frå tre ulike lokalitetar langs kysten av Noreg og Svalbard. Desse innsjøsedimenta er ein type naturleg klimaarkiv, der avleiringane kan fortelje oss om korleis mengda av nedbør, stormar og avsetjingar frå brear har endra seg etter kvart som temperaturane har vore kaldare eller varmare. Tidsperspektivet i dette arbeidet har vore frå siste istid (om lag 12,000 år sidan) og fram til i dag, og lokalitetane spenner over nærare tjue breiddegrader, noko som gir høve til å samanlikne klimaendringane på eit større regionalt nivå.

Avhandlinga er delt opp i tre studieområde som viser forskjellige endringar i nedslagsfelta etter kvart som klimaet har variert. Dei to fyrste studia beskriver ein bre på Vestlandet (Ålfotbreen) og ein bre på Svalbard sine fasar av framstøyt og tilbaketrekking etter siste istid, og peikar på kor mykje endringar i snøfall om vinteren har å seie for breane sin størrelse. Gjerde har også rekonstruert vinternedbør på Vestlandet 1400 år attende i tid, noko som kan hjelpe med å forstå samspelet mellom framtidig temperaturauke og forventa medfølgjande auke i nedbør. Det tredje studiet viser korleis stormklimaet har variert dei siste 3000 år på Andøya i Nord-Noreg, og viser at det var ein stor auke i stormaktivitet på Andøya under ‘den vesle istida’ som starta for om lag 600 år sidan. Dette samanfell med ein periode med breframrykk ved Ålfotbreen, og samla sett indikerer dette at vestavindane auka i styrke og førte til meir nedbør særleg om vinteren langs kysten av Noreg under ‘den vesle istida’.

Personalia:

Marthe Gjerde (f. 1986) er oppvaksen i Jostedalen, Sogn og Fjordane. Ho tok mastergrad i kvartærgeologi og paleoklima våren 2011 ved institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, og vart tilsett som universitetsstipendiat ved same instituttet hausten 2011. Gjerde har vore tilknytt Bjerknessenteret for klimaforskning og Norwegian Research School in Climate Dynamics, og har også vore tilknytt, og hatt forskningsopphald ved, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).