Hjem
Om UiB
Rangeringer

UiB på internasjonale rangeringar

Hovedinnhold

UiB er inne på fleire av dei internasjonale universitetsrangeringane.

 

QS World University Ranking

UiB ligg i 2019 på 163. plass på QS-rangeringa. Også i årets rangering er UiB landets mest siterte utdanningsinstitusjon.

Heile rangeringa kan ein lese her.

 

The Academic Ranking of World Universities (ARWU, eller Shanghai-rangeringa)

UiB ligg i 2018 på plasseringa 201-300 på Shanghai-rangeringa. 

Marin forsking er eitt av tre satsingsområde for Universitetet i Bergen, og det er difor spesielt gledeleg at faget oseanografi ved UiB er rangert på 10. plass i verda i 2018. 

 

CWUR-rangeringa

UiB ligg i 2018 på ein 252. plass på CWUR-rangeringa.

Det er 21 plassar opp, samanlikna med plasseringa for 2017. 

QS World University Rankings

UiB ligg i 2017 på 164. plass på QS' totalrangering.

I tillegg ligg UiB på 37. plass i verda over QS' rangering av marine utdanningar, og på 1. plass i Noreg over mest siterte utdanningsinstitusjon.

Times Higher Education World University Rankings (THE)

UiB ligg i 2017 på ein delt 201. plass på Times Higher Education-rangeringa.

I tillegg ligg UiB høgst blant landets universitet på THE sin siterings-indeks.

The Academic Ranking of World Universities (ARWU, eller Shanghai-rangeringa)

UiB ligg på ein delt 201. plass på Shanghai-rangeringa.

I tillegg ligg UiB på ein delt 76. plass over ARWU si samfunnsvitskaplege rangering.

CWUR-rangeringa

UiB ligg i 2017 på ein 273. plass på CWUR-rangeringa.

I tillegg ligg UiB på 2. plass på verdsrangeringa innan fiskeriutdanning, og 9. plass innan marinbiologi.