Hjem
Pandemisenteret
Kriseparadoks

Kvifor handlar vi mot pandemien, men ikkje mot klimakrisa?

Kvifor aksepterer vi drastiske tiltak mot pandemien, men let vere å handle for å redde klima? – Korleis vi brukar media under samfunnskriser har mykje å seie, hevdar medieprofessor.

Mediebruk i krisesituasjoner Brita Ytre-Arne Håvard Haarstad og Hallvard Moe
Pandemien har vist at folk er villige til å omstille seg når ein oppfattar krisa som akutt nok. Kva er grunnen til at ein ikkje ser den same omstillingsviljen stilt ovanfor klimakrisa? Medieprofessor Brita Ytre- Arne leier prosjektet "Mediebruk i krisesituasjoner" som skal analysere korleis folk møter krisene i ein kvardag med overflod av informasjon. Med seg har ho leiar av CET, (Senter for energi- og klimaomstilling) geografiprofessor Håvard Haarstad, og medieprofessor Hallvard Moe.
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Hovedinnhold

– Vi må ruste oss slik at vi forstår korleis folk reagerer og tek til seg info når noko nytt, ukjent og farleg treff oss. Det er eit stort paradoks at vi reagerer så ulikt på dei verdsomspennande krisene som pandemien og klimaet representerer, og vi trur at mediebruk spelar ei stor rolle her. 

Det seier Brita Ytre-Arne, professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Ho skal dei neste fire åra leie det tverrfaglege prosjektet Mediabruk i krisesituasjoner (MUCS), som skal analysere korleis folk i Noreg møter krisene i ein kvardag med overflod av informasjon i ulike mediekanalar.

Vilje til omstilling

– Vi ser under pandemien at det finnast ein enorm evne til omstilling og til å ta nødvendige grep. Det er eit stort paradoks at ein ikkje har den same evna til handling for å stagge klimakrisa. Vi trur at dette handlar om korleis krisa opplevast. Når det gjeld tempo, nærheit og korleis krisa verkar på liva våra, opplever vi pandemien annleis enn klimakrisa, seier Ytre- Arne. 

Prosjektet vil fokusere på korleis ein brukar media for å kople seg på det som skjer i krisesituasjonen. 

– Både pandemien og klimakrisa står for trugslar mot liv og helse, men det er stor skilnad på tilhøvet mellom kriseforståing, informasjonsinnhenting og handling. Vi ser at mediane er rimeleg eintydige i kommunikasjonen rundt pandemien, og det er også tallause medieoppslag som advarer mot klimakrisa, men vi veit lite om korleis informasjonen blir fortolka, seier Ytre- Arne. 

Sosiale medium gir hovudbry 

Ytre- Arne understrekar at både tradisjonelle og nye medium spelar ei avgjerande rolle for korleis ekspertar og myndigheiter kommuniserer. I alle kriser er ekspertane og myndigheitene avhengige av kommunikasjon som mobiliserer og gir tillit, og ny medieteknologi gir både handlingsrom og problem.

– Redaktørstyrt journalistikk er viktig, men sosiale medium, smarttelefonar og digitale plattformer gjer det mogleg å kommunisere på ein ny måte. Samtidig gir dei nye media mange utfordringar når ein skal nå ut med krisebodskapen. Nærleiksdimensjonen er avgjerande i digitale media, og den kan det gjerne vere vanskelegare å få fram når det gjeld klimakrisa enn når det gjeld pandemien, seier ho. 

Tidlaus kunnskap om kriseforståing

Dei neste fire åra vil prosjektet intervjue folk i Noreg om mediebruk, pandemi og klimaendringar. Forskarane vil gjere etnografiske studiar i norske lokalsamfunn som er påverka av krisene, og samarbeide med nøkkelpersonar innan krise- og klimakommunikasjon. Sjølv om pandemien forhåpentlegvis er over om fire år, vil ikkje kunnskapen vere utdatert, meiner Ytre- Arne. 

– Det kjem til å ta lang tid å bli ferdige med å skjøne pandemien, og klimakrisa vil vi nok dessverre stå i framover. Dette er mellom dei største, verdsomspennande krisene i vår levetid, og det å forstå korleis folk tek til seg informasjon går ikkje ut på dato.