Hjem
Pandemisenteret
Nyhet | Forskning

Ledige stipendiatstillingar ved Pandemisenteret

Ved Pandemisenteret er det no ledig to stipendiatstillingar knytt til Institutt for global helse og samfunnsmedisin og Matematisk institutt.

pandemisenteret illustrasjon med logo
Foto/ill.:
Andrea Magugliani

Hovedinnhold

Stillinga ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin er knytt til prosjektet “Nobody is safe before everybody is safe. Understanding adherence to and consequences of following recommendations to mitigate COVID-10 pandemic among migrants”, finansiert av Universitetet i Bergen. 

Hovudmålet med studien er å auke vår forståelse av dei underliggande individuelle og strukturelle faktorane for å forklare forskjellar i åtferd under COVID-19-pandemien mellom migrantar og majoritetsbefolkninga når det gjeld etterleving av anbefalingar og konsekvensar. 

Stillinga ved Matematisk institutt er knytt til prosjektet MATHCOM. Prosjektet fokuserar på uvissekvantifisering i dataanalyse og modellering knytt til epidemiar og pandemiar, og på utfordringar og metodar for å formidle slike uvisse til personar med ulik bakgrunn. 

Begge stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillingane er knytt til Pandemisenteret og 2/3 av pliktarbeidet (til dømes undervisningsoppgaver) vil vere der.  

Les meir og søk stillingane på Jobbnorge: 

PhD-stipendiat, Institutt for global helse og samfunnsmedisin 

PhD-stipendiat, Matematisk institutt