Påverkar pandemien klimahaldningane?
Har vi brukt opp alle bekymringane våre på pandemien, slik at vi har gløymt klimakrisa? Eller har kanskje all handlekrafta under pandemien gitt ny tru på at ein kan stoppe klimaendringane? Ein fersk studie har kartlagt kva pandemien har gjort med klimahaldningane våre.

Hovedinnhold
Korleis har Covid-19 pandemien påverka nordmenn sine haldningar til klimakrisa? I ein studie gjort gjennom Norsk medborgerpanel har forskarane kartlagt om pandemien har påverka synet på klimakrisa.
Bekymringsbegeret fullt?
Det første som forskarane har undersøkt, er om vi har blitt meir eller mindre bekymra for klimaet under pandemien. Hypotesen «Finite pool of worry» seier at vi har avgrensa emosjonelle ressursar. Når vi plutseleg blir veldig bekymra for noko, slik som korona, så blir ein gjerne mindre bekymra for noko anna, slik som klima.
Likevel så har nordmenn sine haldningar til klima vore stabil sidan undersøkingane starta i 2013 og fram til januar 2021. Melom 40 og 50 prosent har gjennom heile denne perioden svart at dei ei bekymra, eller svært bekymra for klimaendringane. Samtidig så er det slik at om ein deler opp i aldersgrupper, så kan ein sjå ei endring hos dei eldste, forklarer doktorgradsstipendiat hos CET (Senter for klima- og energiomstilling) Thea Gregersen.
-Den eldste aldersgruppa har faktisk blitt mindre bekymra for klima det siste året. Kanskje dei rett og slett har brukt opp bekymringane sine på korona? Det er ikkje så rart, for det er jo dei som først og fremst har vore i risikogruppa. Samtidig er det dei unge som er i risikogruppa for framtidige konsekvensar av klimaendringa.
Sjå Gregersen forklare dette i videoen her
Norske klimaholdninger: Bekymring
Frå pandemihandling til klimahandling
Det neste spørsmålet som forskarane har stilt, er om pandemien har påverka synet vår på om det går an å gjere noko med klimaendringane.
I utgangspunktet meiner dei fleste nordmenn at det er mogleg å gjere noko for å hindre skadelege klimaendringar, men dei er delte i to grupper der den eine meiner at det er heilt realistisk medan den andre seier at det er svært vanskeleg.
Undersøkinga viser at ein betydeleg del svarer at dei no har litt eller mykje større tru på at noko kan gjerast. Auken er størst blant dei unge, og i gruppa 18- 30 år meiner sju av ti at dei har fått større tru på at noko kan gjerast.
-Hovudårsaka til at vi trur at vi kan få noko til, er at vi har fått noko til tidlegare. Pandemien har vist oss at det mogleg å gjere drastiske tiltak i samfunnet på kort tid. Mange koronatiltak er jo mykje verre enn de framtidige klimatiltak vil vere, slik som å vere isolert, eller ikkje møte familie og vennar, seier Gregersen
Sjå Gregersen forklare dette i videoen her
Norske klimaholdninger: Mestring
Videoane er finansierte av UiB sitt hovudsatsingsområdet Klima og energiomstilling