Hjem
Dinara Podgornovas bilde

Dinara Podgornova

Stipendiat
  • E-postDinara.Podgornova@uib.no
  • Telefon+47 55 58 89 32
  • Besøksadresse
    Parkveien 9
  • Postal Address
    Postboks 7805
    5020 Bergen

Dinara arbeider med eit doktorgradsprosjekt på SKOK. I prosjektet hennar studerer ho korleis interseksjonelle feministiske diskursar bevegar seg på tvers av landegrenser og korleis desse vert brukt, forma og implementert i russisktalande femininstiske nettforum.
Dinara har utdanningsbakgrunn frå Kjønnsstudiar ved Central European University i Budapest, Ungarn. Der har ho mastergrad i kjønnsstudiar om digital moral-aktivisme og anti- LHBT aktivisme på i russisktalande medier.

Doktorgradsprosjektet plasserer seg i debattar kring geopolitikk, kunnskapsproduksjon innan kjønnsstudiar og feminisme, i oversetting og spreiing av femininstisk tekst samt dei aktivistiske rammene og kritikken av interseksjonalitet.
Som ein del av doktorgradsprosjektet deltek Dinara i eit internasjonalt samarbeid kalla New tools for transnational analysis in postgraduate intersectional gender research – towards long-term international collaborations in doctoral and postdoctoral training. Dette er eit forum for stipendiatar og post-doktorar som studerer interseksjonelle kjønnsstudiar. Forumet består av institusjonar for kjønnsforksing ved Universiteta i Lingköping, Budapest, Cape Town og SKOK ved Universitetet i Bergen.
Som forskar ved SKOK er Dinara også medlem i den tverrfaglege forskargruppa Kjønnsforskningens grunnlagsproblemer. Her møtes forskarar på tvers av fag og faktultet.

Spring 2017 KVIK 206 (Master level) Gender and Sexuality in a Global Context

Spring 2017 KVIK 101 (Bachelor level) Kjønn i det moderne