Hjem
Emily Violet Maddoxs bilde

Emily Violet Maddox

Stipendiat
  • E-postEmily.Maddox@uib.no
  • Telefon+47 55 58 28 90
  • Besøksadresse
    Parkveien 9
  • Postal Address
    Postboks 7805
    5020 Bergen

Emily Maddox er doktorgradsstipendiat ved Senter for Kvinne- og kjønnsforskning (SKOK). I prosjektet hennar studerer ho korleis personar med autisme forstår og konstruerer kjønn. Særleg legg ho vekt på korleis desse personane formar identitet møtet mellom kjønn og autisme. Ho har utdanningsbagrunn frå Storbritania med Mastergrad innan kulturstudiar og kritisk teori og bachelorgrad i kulturstudiar frå Universitetet i Leeds.

I doktorgradsprosjektet studerer Emily kva strukturar som ligg til grunn for vår forståing av patologi og korleis desse strukturane verkar på konstruksjonen av autistiske subjekt. Gjennom kvalitative data og analyser framhever Emily korleis personar med autisme og autistisk kultur er ein hensiktsmessig måte å forstå rammene for kva rom kjønn har i vår tid. Dette er eit frigjerande prosjekt som søker å bidra til eit fagfelt med heilskaplege og varierte metodar og analyseteknikk for å betre forstå autisme og autistar. 

Ved SKOK er Emily medlem i forskargruppa Kjønnsforskningens grunnlagsproblemer, ei tverrfagleg og interfakultell gruppe.

Emily er også medlem i internasjonale nettverk og seminar.
Ho er ein av grunnleggjarane av Works in Progress, ei fagfelleleia seminarserie som freistar å fylle mellomrommet mellom Samfunnsvitskapen og Humaniora. Seminara er ein plattform for personar som har fullført masterstudiar og er tidleg i si forskarkarriere, som søker å utvide rammene for sine respektive fagfelt og skape ei større tverrdisiplinær forståing av samfunn og kultur.
Emily er også medlem i Feminist Readings network, som er eit transnasjonal og fleirspråkleg nettverk skapt for å auke interessa og lesinga av feministiske og skeive tankar, kunst og pedagogikk. Seminar har blitt halde ei Helsinki, Paris og Leeds. i framtida kjem det seminar i Pretoria, Sør Afrika og i Bergen.

Emily Maddox skriv på eit doktorgradsprosjekt ved SKOK.