Hjem
Helga Mannsåkers bilde

Helga Mannsåker

Førsteamanuensis, Fagleg ansvarleg for Prisme (nettstudium i norsk som andrespråk)
  • E-postHelga.Mannsaker@uib.no
  • Telefon+47 55 58 24 29
  • Besøksadresse
    HF-bygget, Sydnesplassen 7
    Rom 
    287
  • Postadresse
    Postboks 7805
    5020 Bergen

Eg forskar på kva rolle metafor og metonymi speler i fagspråk. Forskingsmaterialet mitt er skandinaviske lærebøker i psykiatri, nærare bestemt kapitla om schizofreni, frå perioden 1900 til 2000. Materialet mitt består av tre lærebøker frå ca. 1900, tre frå ca. 1950 og tre frå ca. 2000. I perioden frå 1900 til 1950 vart namnet på sjukdommen endra frå dementia praecox ("ungdomssløvsinn" på skandinavisk) til schizofreni. Eg undersøkjer kva konsekvensar bytet fekk språkleg og omgrepsmessig. Språkleg sett innebar skiftet ein meir fleksibel term, m.a. fekk ein det avleidde adjektivet schizofren. Dette adjektivet inngår ofte i metonymiske kompresjonar i materialet mitt, av typen "schizofrene symptom" (som tyder 'symptom assosierte med schizofreni', ikkje 'symptom som er "schizofrene"'). Termen schizofreni er i tillegg ein metafor (schizofreni tyder 'splitta sinn'). Eg undersøkjer i kva grad termbytet medførte ein overgang i metaforbruken om sjukdomsfenomenet frå "sløvleik" til "splitting". I forlenginga av dette undersøkjer eg den utbreidde folkelege bruken av schizofreni som metafor, og korleis denne er relatert til framstillinga av schizofreni i lærebøkene.

«Kampklare bygningar og ettersøkte hender – ei innføring i fenomenet metonymi»

Blogginnlegg publisert på språkprat.no 1.6.2018

 

«Når berre sjukdommen står att»

Kronikk publisert i Bergens Tidende 15.11.2016. URL: http://www.bt.no/btmeninger/debatt/Nar-berre-sjukdommen-star-att-325887b.html

 

«Pablo Escobars tilbod om ‘sølv eller bly’ er verdas skumlaste ordspråk»

Publisert på forsking.no 2.12.2016. URL: http://forskning.no/2016/11/solv-eller-bly-plata-o-plomo-metonymi-pablo-escobar-metonymi-skumleste-ordsprak  

 

«Elefantar og kamelar til bry – ein studie av metaforbruk»

Blogginnlegg med tilhøyrande fasit publisert på språkprat.no 6.7.2017

 

Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse – «Forskeren forklarer: Analyse av ”schizofreni” i lærebøker» http://www.erfaringskompetanse.no/forskeren-forklarer/forskeren-forklarer-analyse-schizofreni-laereboker/ 21.11.2017

 

Fjernord: Morfologi, Pragmatikk og tekstlingvistikk, Skrifthistorie

NOSP 102/103: Nynorskkurs, Intensivkurs i grammatikk

Språkkunnskap for erfaringsbasert master i undervisning (NORMAU614): Biletleg språk

Grammatikk og semantikk (NOSP325 osv.): Semantikk

Språkbruksanalyse (NOSP210 osv.): Metafor og tekst, Stilistikk og tekstbinding, Pragmatikk og relevansteori

Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 4 (NOR-U4)

Nynorsk for utanlandske studentar (NOR-UNN)

Norsk 2, modul A. Nordisk språk 2: Språkhistorie og talemål (Norsk623)

Norsk 1, modul B. Nordisk språk 1: Moderne språk (Norsk622)

 

 

 

Tidsskriftartikler
  • Mannsåker, Helga. 2018. Når psykiatritermar vert metaforar. Ein kasusstudie av uttrykket «politisk autisme». Norsk lingvistisk tidsskrift. 36: 95-137.
  • Mannsåker, Helga. 2017. Er schizofrenitermen moden for skraphaugen? Tidsskrift for Den norske legeforening. 137: 459-461. Publisert 2017-03-21. doi: 10.4045/tidsskr.16.0846
  • Mannsåker, Helga. 2016. Pablo Escobars tilbod om «sølv eller bly» er verdas skumlaste ordspråk. Forskning.no : nettavis med nyheter fra norsk og internasjonal forskning. Publisert 2016-12-02.
  • Mannsåker, Helga. 2016. Når berre sjukdommen står att. Bergens Tidende. Publisert 2016-11-15.
  • Mannsåker, Helga. 2011. "Det maniske anfallet kan begynna snikande" : metaforbruk om stemningslidingar. Norsk lingvistisk tidsskrift. 29: 263-292.
Rapporter/avhandlinger
  • Mannsåker, Helga. 2017. Schizofrene symptom og splitta sinn: Kritiske metonymi- og metaforanalysar av fagtermar knytte til diagnosen schizofreni i skandinaviske lærebøker i psykiatri. Universitetet i Bergen, Bergen. 499 sider.

Se fullstendig oversikt over publikasjoner i CRIStin.

Ph.d.-prosjekt: Schizofrene symptom og splitta sinn - Kritiske metonymi- og metaforanalysar av fagtermar knytte til diagnosen schizofreni i skandinaviske lærebøker i psykiatri.