Hjem
Ingrid Margrethe Halvorsen Barlunds bilde

Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund

Postdoktor
  • E-postIngrid.Halvorsen@uib.no
  • Telefon+47 55 58 39 28+47 416 99 492
  • Besøksadresse
    Magnus Lagabøtesplass 1
  • Postadresse
    Postboks 7806
    5020 BERGEN

Oppnådde våren 2019 ph.d.-graden for avhandlinga "A Legal Analysis of Leniency in the Interaction of Public and Private Cartel Enforcement within EU Competition Law".

- Competition Law and Economics European Network (CLEEN) Workshop at Max Planck Institute for Research on Collective Goods, Bonn; “Leniency and (follow-on) damages claims in the interaction of public and private enforcement of cartel arrangements according to Article 101 of the Treaty on the Functioning of the European Union (TFEU)” (May 2016).

- Visit at the Faculty of Law, University of Bergen, from members of the Norwegian Supreme Court; “Handheving av forbodet mot kartellaktivitet i Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV) artikkel 101. Med særleg fokus på utforminga av Kommisjonens lempingsprogram i samspelet mellom offentleg og privat handheving” (May 2017).

- Nordic Competition Law Conference, Faculty of Law, University of Oslo; “Enforcement of cartel arrangements within EU competition law. With emphasis on leniency in its interaction with fines and damages actions” (November 2017).

- Seminar at the Faculty of Law, University of Bergen, on the Supervision of Financial Services within EU – and EEA Law (September 2019).

JUS399 Masteroppgåve og JUS397 Masteroppgåve (70 sp) forskarline: Rettleiing av masterstudentar innanfor EU/EØS konkurranse - og marknadsrett.

JUS121 Norske og internasjonale rettslege institusjonar (NIRI): Storgruppeleiar.

JUS287-2-A EU/EEA Commercial Law: Førelesingar om fri flyt av teneste i den indre marknad.

JUS113 Kontraksrett I: Storgruppeleiar.

 

Diverse sensur, både av masteroppgåver innanfor EU/EØS konkurranse - og marknadsrett, og av obligatorisk kursoppgåve og skuleeksamen, blant anna innanfor JUS258-2-B Competition Law og JUS285-2-A Public Procurement Law.

 

Vitenskapelig artikkel
  • 2014. Kor fritt står nasjonale styresmakter til å regulere eigen konkurranse i den indre marknad? Tidsskrift for forretningsjus.
Vitenskapelig foredrag
  • 2017. "Enforcement of cartel arrangements within EU competition law - With emphasis on leniency in its interaction with fines and damages actions.".
  • 2017. "Connecting the dots. The performance of leniency in the interaction of public and private enforcement of cartel arrangements within EU competition law. Legal parameters and the importance of deterrence".
  • 2016. "The relationship between the Commission's leniency regime and the Directive on damages regarding breach of the competition rules (Directive 2014/104/EU)".
  • 2016. "The Relationship between the Commission's Leniency Programme and the Directive on Damages Concerning Breach of the Competition Rules".
  • 2015. 'The relationship between the Commission’s leniency programme and the Directive on damages regarding breach of the competition rules'.
  • 2015. 'The Commission’s leniency programme within EU competition law - With emphasis on the regulatory framework, scope and effects of the Commission’s leniency programme as a public enforcement instrument of cartels, and the interplay with private enforcement through damages claims following infringements of the competition rules'.
Doktorgradsavhandling
  • 2019. A Legal Analysis of Leniency in the Interaction of Public and Private Cartel Enforcement within EU Competition Law.
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
  • 2019. Criminalization of Cartels within EU Competition Law. 12 sider.
  • 2016. "National report on private enforcement of European competition law in Norway". 830 sider.

Se fullstendig oversikt over publikasjoner i CRIStin.

Prosjektet eg er tilknytta som postdoktor har som mål å kartleggje og vurdere styrkar og veikskapar ved Noregs rettslege tilknyting til EU sitt finanstilsyn frå ulike perspektiv – statsrettsleg,forvaltningsrettsleg, prosessrettsleg, EØS-rettsleg og EU-rettsleg.

Prosjektet er finansiert av Finansmarknadsfondet, og leiast av professor Halvard HaukelandFredriksen. Det er tilsett ein postdoktor på prosjektet, Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund, som skal identifisere og deretter undersøkje dei for Noreg viktigasteproblemstillingane knytt til den komande revisjonen av EU sitt finanstilsyn. Det vil bli halde minst ein workshop og eit seminar i prosjektperioden, og prosjektet har som mål å publisere tre vitskaplege artiklar. Det er vidare tilknytt ein masterstudent tilprosjektet for hausten 2019/våren 2020, Marte Dahl Reisæter, som skal skrive ein 60poengs masteroppgåve innanfor temaet på fakultetets stipendordning.

Bakgrunn for prosjeket

Prosjektet ser nærare på korleis Noreg som medlem av EFTA-pilaren i EØS på ein mest mogleg hensiktsmessig måte bør tilknytte seg handhevingsapparatet i finansmarknaden i EU. I EU vart det etter Finanskrisa i 2008 oppretta fleire overnasjonale byrå for å føre tilsyn med finansmarknaden. EU-byråa har, på liknandemåte som Kommisjonen, kompetanse til å regulere og handheve eit avgrensa, definertområde av EU-samarbeidet. Byråa utleiar såleis si myndigheit direkte fråsekundærretten, altså rådsforordningane, som igjen har heimel i primærretten, og står dermed ikkje i noko vertikalt høve til Kommisjonen. Det første EU-byrået kom allereie i 1975, men det var ikkje før på 2000-talet at talet på EU-byrå auka kraftig.

Etter Finanskrisa vart det starta ei utbygging av regulerings – og handhevingsapparatetinnanfor finansmarknadsretten grunna svakheiter ved dåtidas system. I tillegg til Risikorådet (European Systemic Risk Board, ESRB) som vart oppretta for at ei slik krise ikkje skulle skje igjen, vart fleire byrå oppretta, deriblant dei tre tilsynsbyråa av finansielle teneste i den indre marknad; EBA, EIOPA og ESMA. Desse fører tilsyn med henhaldsvis bank, forsikring og verdipapir.Felles for alle dei tre byråa er at EUetter kvart har fått ei auka utøvande myndigheit i finansmarknaden i Europa, samstundes som nasjonal suverenitet innanfor finansmarknadsretten har blitt innskrenka. Innskrenka i den forstand at tilgongen til sjølvstendig nasjonal handhevingog regulering har blitt redusert som følgje av EU-rettens krav til harmoniserte standardar og løysingar. På finansmarknadsområdet har desse byråa myndigheit til å instruere nasjonale finanstilsyn og i visse tilfelle setje desse heilt på sidelinja gjennom bindande vedtak adressert direkte til nasjonale marknadsaktørar.

Forordningane som opprettar Risikorådet, EBA, EIOPA og ESMA vart gjort del avEØS-avtala i 2016. Stortinget har godteke Noregs tilslutning til desse byråa, blant anna i medhald av Grunnlova § 115. Der det dreiar seg om rettsleg bindande vedtak overfornorsk forvaltning og føretak som opererer i finansmarknaden er det formelt ESA somfattar desse for at systemet skal vere i tråd med EØS- avtala. I realiteten er desse vedtaka allereie skissert av EU-byrået det kjem frå. Denne tilknytingsmodellen viser atEFTA-EØS er villig til å strekkje seg langt for å få ta del i finansmarknaden i EU.

Prosjektets mål

For norsk finansnæring er tilgong til EUs indre marknad for finansielle teneste heilt avgjerande, men dette føreset at EFTA-statane finn ein rettsleg haldbar og berekraftig tilknytingsform til desse EU-byråa. Dette har vist seg vanskeleg, og det er framleis eit etterslep på rettsaktar på dette området som står fast i EØS-komiteen. Utviklinga i EU går dessutan i retning av at byråa tileignast stadig nye oppgåver, og at dei overnasjonale myndigheitene forsterkast. For norske myndigheiter og finansmarknadsaktørar reiser dette ei rekkje spørsmål som det er behov for å sjå nærare på, blant anna om norsk forvaltning og norske aktørar er sikra eit effektivtrettsvern som del av EFTA-pilaren av finansmarknaden, men òg frå eit breiare perspektiv korleis Noreg som del av EFTA-pilaren i EØS på ein hensiktsmessig måtebør slutte seg til finansmarknaden i EU. Prosjektet opnar opp for å sjå nærare på ikkje berre tilknytinga til finansmarknaden, men òg generelt korleis Noreg som del avEFTA-pilaren i EØS skal handtere og forholde seg til framveksten av EU-byrå og eitveksande EU-forvaltningsapparat.

Twitter