- E-postIngrid.Myklebust@uib.no
- Telefon+47 55 58 93 27
- BesøksadresseMagnus Lagabøtesplass 1Rom442, Juss I
- PostadressePostboks 78065020 BERGEN
Stipendiat innanfor forsikringsrett.
Om prosjektet:
I skadeforsikring er det eit grunnleggjande prinsipp at den sikra ikkje skal få tapet sitt dekt meir enn ein gong. Om den sikra har fleire forsikringar som samla gjev for stor dekning, er spørsmålet kva for nokre selskap han skal få erstatning frå og kven som skal bere tapet til sist. Forsikringsavtalelova § 6-3 slår for slike tilfelle fast at den sikra har valrett mellom ulike forsikringar som dekkjer «samme tap» fram til han har fått erstatninga han i alt har krav på, og at erstatninga deretter skal utliknast samhøveleg mellom selskapa etter deira ansvar.
Den overordna problemstillinga i prosjektet er kva som ligg i vilkåret «samme tap». Nye forsikringsprodukt – særleg bustadseljarforsikringane – har sett dette spørsmålet meir på spissen. For å forstå vilkåret, er det mellom anna trong for å sjå nærare på konseptet forsikringsrettsleg interesse og tilhøvet mellom interesse og tap.
«Naturskadeerstatninga og klimaendringane – svakt vern i framtida?», kommentar på Energi og Klima, 9. oktober 2019, https://energiogklima.no/kommentar/naturskadeerstatninga-og-klimaendringane-svakt-vern-i-framtida/
Storgruppeleiar, Juridisk metode, våren 2020
Seminarleiar, Exfac - juridisk forprøve, hausten 2019
- 2019. Årsakskravet «direkte skyldes» i naturskadeerstatningslova § 4 første ledd. Tidsskrift for erstatningsrett, forsikringsrett og trygderett. 216-242.
- 2018. Intoxication and self-induced criminal incapacity in Norwegian law. Bergen Journal of Criminal Law & Criminal Justice (BJCLCJ). 68-91.
- 2019. Naturulukkevilkåret og årsakskrava i naturskadeerstatningslova § 4 første og andre ledd.
- 2019. Naturskadeerstatninga og klimaendringane – svakt vern i framtida? Energi og Klima : Norsk klimastiftelses nettmagasin.