Hjem
Ingunn Elise Myklebusts bilde

Ingunn Elise Myklebust

Professor
  • E-postIngunn.Myklebust@uib.no
  • Telefon+47 55 58 95 62
  • Besøksadresse
    Magnus Lagabøtesplass 1
    Rom 
    447
  • Postadresse
    Postboks 7806
    5020 BERGEN

Professor Ingunn Elise Myklebust er leiar for forskargruppa i forvaltningsrett, som er samansatt av personar som arbeider med ulike forvaltningsrettslege problemstillingar. Forvaltningsrett er et fagleg tyngdepunkt ved fakultetet i Bergen, med m.a. fleire stipendiatar som arbeider med problemstillingar innanfor den alminnelege og spesielle forvaltningsretten, der Myklebust er rettleiar for to av stipendiatane som arbeider med ulike problemstillingar innanfor forvaltningsrett og plan- og bygningsrett. Myklebust er også tilknytta forskargruppa for naturressurs-, miljø- og utviklingsrett.

I dei siste åra har ho vore prosjektleiar for forskingsprosjektet, GOVLAND (Legal governance in land use planning. Balance between national and municipal power and between private initiative and public control’.) GOVLAND ser på rettsleg styring av tilhøvet mellom nasjonal og kommunal kompe­tanse i arealforvaltinga. Prosjektet ser også på private aktørar si rolle, og sam­s­pelet mellom offentleg og private aktørar ved arealplanlegging og utbyggingsavtalar. Mykle­bust har også ei sentral rolle i PLANCOAST som studerer plan- og konsesjonsrettslege spørs­­mål i kystsona, der Myklebust bidreg med fleire artiklar om både eigedomsrettslege spørsmål, akvakultur og planlegging.  GOVLAND og PLANCOAST er NFR-prosjekt. Myklebust er også partner i VARCITIRS, som gjeld livs­kvalitet og levekår for innbyggerar i by, som er eit prosjekt under satsinga H2020-EU.3.5.2. - Protection of the environ­ment, sustainable manage­ment of natural resources, water, biodiversity and ecosystems I VARCITIES ser Mykle­bust på spørsmåla om kva rolle styring gjennom areal­plan­legging har – og bør ha - for å leggje til rette for berekraftig byutvikling som skal møte både klimautfordringar, men også livkvalitet for menneska som bur og lever i byen. Alle dei tre forskingsprosjeka er tverrfaglege med bidrag frå juss, der Myklebust sam­arbeider tett med både juristar, samfunnvitarar, biologar, sosial­antro­pologer og fleire. 


Mer om Ingunn Myklebust

Myklebust har doktorgrad frå 2009, som er publisert på Universitetsforlaget i 2010 i boka «Strand­rett og offentleg styring av arealbruk i sjø». Boka handlar om eigedomsretten og strand­­eigaren sine særlege rettar i sjøen til slik som utfylling, tilflot, laksefiske, utsikt og vern mot støy. Det sentrale teamet i boka er kva for vern slike rettar, basert på gamle sedvanar har, for nye utnyttingar basert på offentleg løyve, som t.d. akvakultur, vindkraft, små­båt­anlegg og tilrettelagt turisme. 

Myklebust har hatt fleire stillingar i Bergen kommune, både som juridisk rådgivar i byggje­saksavdeling og byrådsavdeling for Miljø og Byutvikling, der ho også har vore leiar (1998-2000). Ho har også arbeidd ei periode (2010-2011) hjå kommuneadvokaten i Bergen, har advokat­­bevilgning, og har ført saker for retten både om fasteigedoms rettsforhold, arbeids­­­­rett og barnevernrett.

Myklebust har også i fleire periodar hatt delstilling ved Høgs­kolen på Vestlandet for å bidra til å utvikle masterkurs i eigedomsfag, jordskifte og plan­rett og for undervising i slike kurs på ny masterutdanning der. Myklebust har også hatt undervisingsoppgåver i planrett ved Høg­skulen i Volda.

 

 

I tillegg til meir akademiske seminar, deltek ho også gjerne rundt omkring i distriktet som føredrags­haldar på seminar og møter med kommunar, fylkeskommunar, statlege sektororgan, interesse­organis­asjonar m.m.  om tema som gjeld for­­­­skinga eller formidling av forsking, som t.d. seminar om planjuss og havbruk i regi av Rogaland fylkes­­­kommune 28.08.18, TAU, seminar om planføresegner i regi av Fylkes­mannen i Møre og Romsdal, Molde, 28.10, 2018, om Bergen sjøfrontstrategi seminar i Bergen kommune, 26.08.20, (link) og strand­sone-web­inaret 23.09.20 i regi av Norsk Friluftsliv, Norges miljø- og biovitenskapelige univer­sitet, Frilufts­­­rådenes Landsforbund og Oslofjorden Friluftsråd.

September 2020: Konferansen om allemannsretten med ein munnleg presentasjon av PLANCOAST https://youtu.be/YqIUvH4eo0g.  

Myklebust sine faglege interesser er arealforvaltningsrett, kommunalrett, ekspropriasjonsrett, tingsrett, naturressurs- og miljørett. Myklebust har også kursansvar i tingsrett, kommunalrett og plan- og bygningsrett ved Det juridiske fakultet.

Undervisingsoppgåvene er knytt til utvikling, førelesingar, eksamensavvikling og anna oppfølging av desse tre kursa.

Vitenskapelig artikkel
  • Vis forfatter(e) 2018. Miljøkrav i saker som gjeld akvakultur : kan kommunen setje detaljerte vilkår for drift av akvakultur etter plan- og bygningslova, eller gjeld det avgrensingar med omsyn til trong om handlerom ved vurdering av lokalitet etter akvakulturlova? . Kart og plan. 174-187.
  • Vis forfatter(e) 2018. Kan kommunen setje detaljerte vilkår for drift av akvakultur etter plan- og bygningslova, eller gjeld det avgrensingar med omsyn til trong om handlerom ved vurdering av lokalitet etter akvakulturlova? Kart og plan. 14 sider.
  • Vis forfatter(e) 2018. Akvakultur og det kommunale sjølvstyret. Kommunal arealplanlegging i sjø og motsegn som verkemiddel for å følgje opp nasjonal og regional politikk. Kart og plan. 1-11.
  • Vis forfatter(e) 2016. Dispensasjon frå byggjeforbodet i 100-metersbeltet. Kart og plan. 159-169.
  • Vis forfatter(e) 2016. Coastal zone management – between politics and law: new guidelines for differentiated management of the shore zone in Norway. Local Environment : the International Journal of Justice and Sustainability. 189-201.
  • Vis forfatter(e) 2015. Private rettsforhold i byggesaksbehandlingen. Lov og Rett. 287-304.
  • Vis forfatter(e) 2014. Utfordringar ved kommunal arealplanlegging i kystnære sjøområde. Kart og plan. 223-232.
  • Vis forfatter(e) 2014. The protection of private ownership rights in the ECHR and Norwegian planning and building law :. Nordic Journal of Human Rights. 220-237.
  • Vis forfatter(e) 2014. Challenges of municipal land use management in coastal waters. Kart og plan. 223-232.
  • Vis forfatter(e) 2013. Vilkår ved vedtak om lokalitetsklarering FOR AKVAKULTUR. Tidsskrift for eiendomsrett. 100-125.
  • Vis forfatter(e) 2012. Statlege planretningslinjer for forvaltning av strandsona. Tidsskrift for eiendomsrett. 87-119.
  • Vis forfatter(e) 1999. Tilrettelegging av miljøkvalitet i bustadområde. Kart og plan. 195-203.
Rapport
  • Vis forfatter(e) 1999. Tilhøvet mellom kommunelova og hamnelova. 79. 79. .
  • Vis forfatter(e) 1997. Ytringsfridom og lojalitetsplikt for kommunalt tilsette. nr. 69. nr. 69. .
  • Vis forfatter(e) 1997. YTRINGSFRIDOM OG LOJALITETSPLIKT FOR KOMMUNALT TILSETTE. .
  • Vis forfatter(e) 1997. Om ytringsfridom og lojalitetsplikt for tilsette i kommunar og fylkeskommunar. .
Faglig foredrag
  • Vis forfatter(e) 2021. Klimadommen - ein samtale.
  • Vis forfatter(e) 2019. Kan kommunen styre miljøpåverknader frå akvakulturnæringa?
  • Vis forfatter(e) 2018. Kort presentasjon av forskningsprosjekta, GOVLAND, Legal governance in land use planning og PLANCOAST, Integrated Coastal Zone Management and Planning: Legal and structural Challenges.
  • Vis forfatter(e) 2018. Kommunen sin rolle og ansvar for miljøet ved arealplanlegging.
  • Vis forfatter(e) 2016. Dispensasjon frå byggjeforbodet i 100-metersbeltet. - Er kommunane for slepphente?
  • Vis forfatter(e) 2015. Master i Areal og eiendom - forventninger til masterprogrammet, ved Børge Aadland, Frode Alexander Borge, Ingunn Myklebust.
Populærvitenskapelig foredrag
  • Vis forfatter(e) 2006. "Utviklingstrekk i tilhøvet mellom privat eigedomsrett og offentleg styring.".
Vitenskapelig foredrag
  • Vis forfatter(e) 2021. Vindkraft på land.
  • Vis forfatter(e) 2021. Vindkraft i motvind? Målkonfliktar, makt og prosess.
  • Vis forfatter(e) 2021. Kva for troll møter du? Kva våpen har du? Korleis skal du slåss?
  • Vis forfatter(e) 2021. H-2021-662-A, Ulvedommen. Tolking av avvegingsnormer i lov og forskrift i lys av Bernkonvensjonen.
  • Vis forfatter(e) 2020. Sterke aktørar og retten - kva for side skal ein stille seg på?
  • Vis forfatter(e) 2020. Rettslege rammer - kva er juss og kva er politikk?
  • Vis forfatter(e) 2020. Presentasjon av klimaforskning på urban byutvikling.
  • Vis forfatter(e) 2020. Omkamp om dispenasjon.
  • Vis forfatter(e) 2020. Klimasøksmålet, og følgjer for plan- og bygningsretten.
  • Vis forfatter(e) 2020. Eigedomsrett i sjø.
  • Vis forfatter(e) 2019. Tema: Kan kommunen styre miljøpåverknader frå akvakulturnæringa?
  • Vis forfatter(e) 2019. Rammer for ein god oppvekst. - Korleis kan plan- og bygningslova sikre "barnets beste"?
  • Vis forfatter(e) 2019. Presentation of the GOVLAND project (Legal governance in land use planning).
  • Vis forfatter(e) 2019. Presentasjon av forsking og aktuelle problemstillingar i plan- og bygningsrett, GOVLAND og PLANCOAST. Om arealbrukskategorier, føresegner og byggjeforbodet i 100-metersbeltet. .
  • Vis forfatter(e) 2019. Nasjonal og kommunal styring. GOVLAND. (Legal governance in land use planning.) Særleg om klageinstansen sin kompetanse ved overprøving av forvaltningsskjønnet i saker etter plan- og bygningslova. .
  • Vis forfatter(e) 2019. Co-managing two arenas for aquaculture consents in Norway .
  • Vis forfatter(e) 2018. Status Govland.
  • Vis forfatter(e) 2018. Planjuss og havbruk.
  • Vis forfatter(e) 2018. Maktforholdet mellom stat og kommune i plan- og bygningsretten. Særleg om motsegnsaker og nye reglar om staten si overprøving av kommunale vedtak.
  • Vis forfatter(e) 2018. Korleis utforme lovlege planføresegner?
  • Vis forfatter(e) 2018. Kompleksiteten i byutvikling - trenger vi forskning og utdanning i byutviklingen? Hvilke muligheter representerer universitetet for byutviklingen? Nytt fra Govland-prosjektet.
  • Vis forfatter(e) 2018. Kommunens virkemidler for tilrettelegging for akvakultur gjennom arealbruksformål og forskrifter etter akvakulturloven.
  • Vis forfatter(e) 2018. I kva grad kan forvaltninga sjølv bestemme kva for planprosess som er naudsynt før handsaming av byggjesøknad?
  • Vis forfatter(e) 2018. Historiske private rettar i sjø.
  • Vis forfatter(e) 2018. Det kommunale sjølvstyret ved planlegging i sjø - akvakultur og miljøkrav.
  • Vis forfatter(e) 2017. Vurderingar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet ved motsegn i saker som gjeld akvakultur.
  • Vis forfatter(e) 2017. The Role of Courts by review of Land-use Plans and Individual decisions.
  • Vis forfatter(e) 2017. Strandsoneforvaltning - fiasko eller suksess?
  • Vis forfatter(e) 2017. Presentasjon av forskningsprosjekt: Legal governance in land use planning,GOVLAND.
  • Vis forfatter(e) 2017. Presentasjon av forskingsprosjektet: Legal governance in land use planinng (GOVLAND).
  • Vis forfatter(e) 2017. Medfører lokalitetsavklaring etter akvakulturloven en rimelig avveiing av de relevante hensynene?
  • Vis forfatter(e) 2017. Kystsoneplanlegging - det offentlege sine verkemiddel.
  • Vis forfatter(e) 2017. Korleis kan planar og løyve fremje berekraftig akvakultur?
  • Vis forfatter(e) 2017. Kommunen sine verkemiddel for tilrettelegging for akvakultur gjennom arealbruksføremål og føresegner etter plan- og bygningslova.
  • Vis forfatter(e) 2017. Infrastrukturtiltak, veg og sykkelsti. Oversikt over vilkåra for oreigning.
  • Vis forfatter(e) 2017. GOVLAND-prosjektet, rapport fra et nystartet forskningsprosjekt om juridiske utfordringer knyttet til planlegging i teori og praksis.
  • Vis forfatter(e) 2017. Akvakultur - ei oppgåve for kommune, fylkeskommune eller stat?
  • Vis forfatter(e) 2016. The Norwegian administrative system in aquaculture - Challenges due to fragmented management.
  • Vis forfatter(e) 2016. Role of local authorities in aquaculture development. Municipal land use planning and governmental control.
  • Vis forfatter(e) 2016. Eldre planar og byggjeforventning. - Særleg om reguleringsplanar og kravet om byggjegrense mot sjø.
  • Vis forfatter(e) 2016. Dispensasjon frå byggjeforbodet i 100-metersbeltet. Kven har ansvaret for å finne balansen mellom eigedomsrett og allemannsrett?
  • Vis forfatter(e) 2015. The Norwegian Administrative System in Aquaculture The authorities responsible for facilitating and regulating the Norwegian aquaculture industry. Challenges due to fragmented management. .
  • Vis forfatter(e) 2015. Dispensasjon frå strandvernet i plan- og bygningslova.
  • Vis forfatter(e) 2014. Utvalde tema frå forvaltningsretten. Kontradiksjon og saksutgreiing. Avslag/avvising. Grunngjeving.
  • Vis forfatter(e) 2014. Utfordringar ved auka kommunalt ansvar og auka statleg styring med kommunane ved marin arealforvaltning.
  • Vis forfatter(e) 2014. Private rettar: Materielt og prosessuelt rettsvern. - Nokre tankar etter arbeid med planretten.
  • Vis forfatter(e) 2013. Vilkår ved løyve til akvakultur.
  • Vis forfatter(e) 2013. Juridisk perspektiv på eigedomsrettar og samfunnsplanlegging.
  • Vis forfatter(e) 2013. Bruk av vilkår ved tildeling av løyve til akvakultur.
  • Vis forfatter(e) 2012. Vilkår ved vedtak som gjev løyve til bruk av kyst og sjøområde.
  • Vis forfatter(e) 2012. Vilkår til løyve.
  • Vis forfatter(e) 2012. Utfordringar ved auka kommunalt ansvar og auka statleg styring med kommunane for marin arealforvaltning. Har kommunane fått for stor makt?
  • Vis forfatter(e) 2012. Fylkesmannen som kontrollinstans med lovlighet og kommunalt forvaltningsskjønn og særlig innen plan- og bygningssektoren.
  • Vis forfatter(e) 2011. Vern av strand og sjøgrunn og tilhøvet til eigedomsretten.
  • Vis forfatter(e) 2011. Fylkesmannens rolle i saker etter plan- og bygningsloven.
  • Vis forfatter(e) 2007. Innleiing til leseseminar: Analyse av artikkel: Jarkko Tontti, Law, tradition and interpretation, International Journal for the Semiotics of Law Vol.XI no31(1998).
  • Vis forfatter(e) 2006. Retten til arealbruk i sjø. Tradisjonelle og nye utnyttingsmåtar i møte med offentleg regulering.
  • Vis forfatter(e) 2006. Nye utfordringar for eigedomsrett i sjøområdet - Nye interessekonflikter og auka offentleg regulering.
  • Vis forfatter(e) 2005. Prosjektskildring: Eigedomsrett i sjø. Presentasjon av plan- og bygningslova sine heimlar for arealplanlegging i sjøområde.
  • Vis forfatter(e) 2005. Om ytringsfridom og lojalitetsplikt i kommunar og fylkeskommunar.
  • Vis forfatter(e) 2005. Eigedomsrett i sjø og offentleg regulering.
  • Vis forfatter(e) 2003. Samordning og koordinering av kommunal og statlig reguleringsmyndighet i kystsonen.
Leserinnlegg
  • Vis forfatter(e) 2006. Stipendiater og omsorgsbelastninger. På Høyden ( UiBs nettavis).
Short communication
  • Vis forfatter(e) 2009. Retten til kystnært sjøområde Pressemelding i forbindelse med doktorgradsdisputas 15.12.2009. Sunnmørsposten.
  • Vis forfatter(e) 2009. Retten til bruk av kystnært sjøområde pressemelding i forbindelse med doktorgradsdisputas 15.12.2009. Bergens Tidende.
Anmeldelse
  • Vis forfatter(e) 2018. Bokomtale, Plan- og bygningsrett. "Fredrik Holth og Nikolai K. Winge, Plan- og bygningsrett. Kort forklart. Universitetsforlaget 2017". Kart og plan. 93-95.
Vitenskapelig monografi
  • Vis forfatter(e) 2010. Strandrett og offentleg styring av arealbruk i sjø.
Kompendium
  • Vis forfatter(e) 2003. Kommunen sin rolle ved kystsoneforvaltning. Tilhøvet mellom plan og bygningsloven og andre sektorlover.
  • Vis forfatter(e) 1999. Tilhøvet mellom kommunelova og hamnelova - om inntekter som er øyremerka for hamneformål og om statlege oppretta hamnestyrer sin autonome kompetanse.
  • Vis forfatter(e) 1997. Om ytringsfridom og lojalitetsplikt for kommunalt tilsette.
Kronikk
  • Vis forfatter(e) 2021. Det lovforslaget som er fremja, gjev ikkje ei god rettsleg handterig av kvepsebolet i plan- og bygningslova; dispensasjonssaker. Bergens Arbeiderblad (BA).
  • Vis forfatter(e) 2020. Omkamp om dipensasjon. Kommunal rapport.
  • Vis forfatter(e) 2016. Hastverksarbeid Det er eit stort og uklart rom for skjønn i forslaget til ny bygningslov, så kvifor hastar det slik med å endre reglane? . Bergens Tidende.
Doktorgradsavhandling
  • Vis forfatter(e) 2009. Strandrett og offentleg styring. Strandeigaren sin rett til tradisjonelle og nye utnyttingsmåtar i sjøen i møte med offentleg arealplanlegging og konsesjonsreglar.
Intervju
  • Vis forfatter(e) 2021. Føler seg overkøyrd av byråkratiet. -Dette råkar jo heilt vanlege folk.
  • Vis forfatter(e) 2021. Arealforvaltning som balansekunst.
  • Vis forfatter(e) 2020. Ekspropriasjon på Møllendal.
  • Vis forfatter(e) 2019. 10 000 byggesaker kan være feilbehandlet.
  • Vis forfatter(e) 2017. NMK og familien enige i går. -Ikke unaturlig at kommunen vil delta.
  • Vis forfatter(e) 2012. "Hytteidyll må vike for friområde".
  • Vis forfatter(e) 2011. Ulovleg bygging.
  • Vis forfatter(e) 2011. Bunnforholdene avgjør grensene.
  • Vis forfatter(e) 2007. Ulovlig byggearbeid.
  • Vis forfatter(e) 2005. Volda som skrekkens eksempel.
  • Vis forfatter(e) 2005. Om utarbeiding av retningslinjer om ytringsfridom og lojalitetsplikt.
  • Vis forfatter(e) 2005. Full støtte! Ein kommuneingeniør bryt ikkje lojalitetsplikta når han uttalar seg om saker som omhandler ein barnehage.
Dokumentar
  • Vis forfatter(e) 2012. Kystbelta i Europa er under press. Hyttebygging, næringsaktivitet og fornybar energiproduksjon, naturvern og allemannsrett - alle vil ha sin bit av strandsona. Er det stat eller kommune som sit i førarsetet? Friområde eller rorbu?
  • Vis forfatter(e) 1996. Kommunalt tilsette - ytringsfridom og lojalitet.
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
  • Vis forfatter(e) 2020. Rammer for ein god oppvekst - korleis skal plan- og bygningslova sikre "barnets beste"? 19 sider.
  • Vis forfatter(e) 2019. Nedbygging av strandsona og Grunnlova § 112. 33 sider.
  • Vis forfatter(e) 2019. Metodiske utfordringar i tingsretten. 16 sider.
  • Vis forfatter(e) 2019. Handlerommet for skjønn i plan- og byggjesaker. 36 sider.
  • Vis forfatter(e) 2016. The Norwegian admininstrative system in aquaculture – challenges due to fragmented management. 25 sider.
  • Vis forfatter(e) 2015. Vurderingar av proporsjonalitet i saker om oppseiing og omplassering av kommunalt tilsette. 31 sider.
  • Vis forfatter(e) 2013. Kva plikter har staten etter menneskerettane til å ta omsyn til privat eigedomsrett i samband med offentleg arealplanlegging? 12 sider.
Vitenskapelig oversiktsartikkel/review
  • Vis forfatter(e) 1999. Tilrettelegging av miljøkvalitet i bustadområde. Kart og plan. 195-203.

Se fullstendig oversikt over publikasjoner i CRIStin.

GOVLAND

“Legal governance in land use planning" [GOVLAND] will examine the core legal instruments for regulating the balance between national and municipal power in Norwegian land use planning. How the legal framework is and should be on land use planning, the interpretation of the rules and day by day management, can have a major impact on living conditions, infrastructure and sustainability. What are the legal requirements for effective, knowledge-based decision processes and what legal protection does local democracy have in a rapidly changing society, marked by Europeanisation, globalisation, privatisation, climate change and population growth? How can democracy and efficiency be balanced in municipal land use planning? The relative strength of public and private actors in the land use context is an integral part of the study.”

Objective

In an increasingly urbanising world, governments and international corporations strive to increase productivity of cities, recognized as economy growth hubs, as well as ensuring better quality of life and living conditions to citizens. Although significant effort is performed by international organisations, researchers, etc. to transform the challenges of Cities into opportunities, the visions of our urban future are trending towards bleak. Social services and health facilities are significantly affected in negative ways owed to the increase in urban populations (70% by 2050). Air pollution and urban exacerbation of heat islands is exacerbating. Nature will struggle to compensate in the future City, as rural land is predicted to shrink by 30% affecting liveability. VARCITIES puts the citizen and the “human community” in the eye of the future cities’ vision. Future cities should evolve to be human centred cities. The vision of VARCITIES is to implement real, visionary ideas and add value by establishing sustainable models for increasing H&WB of citizens (children, young people, middle age, elderly) that are exposed to diverse climatic conditions and challenges around Europe (e.g. from harsh winters in Skelleftea-SE to hot summers in Chania-GR, from deprived areas in Novo mesto-SI to increased pollution in Malta) through shared public spaces that make cities liveable and welcoming.