Hjem
Kamilla Stølens bilde

Kamilla Stølen

Rådgiver, forsking og formidling

Fellesadministrasjonen for Senter for vitskapsteori og Senter for kvinne- og kjønnsforsking

Administrativ oppfølging av verksemda til sentra innanfor forsking og formidling

  • Informasjon, rådgjeving og søknadshjelp
  • Administrativ prosjektoppfølging
  • Forskningsformidling
  • Webredigering- og publisering
  • Arrangementsstøtte

Utdanning

Master i kultur- og samfunnsfagutdanning ved Universitetet i Oslo. Studieprogram: Lektor- og adjunktprogrammet. Undervisningsfag: Engelsk og historie.

Utvekslingssemester ved University of North Carolina at Chapel Hill som ein del av mastergraden innanfor Nord-Amerika-studiar.

Kompetanse

Eg har lang erfaring innanfor rådgiving, søknadshjelp, formidling, oppdatering og vedlikehald av nettsider og arrangementsansvar frå tidlegare jobb som studierettleiar i ein organisasjon som rekrutterer norske søkarar til utanlandske universitet. 

Eg har også kompetanse innanfor språkvask og omsetjing frå norsk til engelsk og omvendt via frilansarbeid.

Frå organisasjonsarbeid i SAIH, både på lokallagsplan som student og som valt nestleiar i arbeidsutvalet sentralt i 2007, har eg blant anna tileigna meg kompetanse innanfor leiing, styrearbeid, politisk arbeid og informasjonsarbeid.