Hjem
Margunn Rausets bilde

Margunn Rauset

Forsker, nordisk språkvitskap
  • E-postMargunn.Rauset@uib.no
  • Telefon+47 55 58 24 63
  • Besøksadresse
    HF-bygget, Sydnesplassen 7
  • Postadresse
    Postboks 7805
    5020 Bergen

Frasar til besvær?

Studiar av norm og bruk i norsk fraseologi

I doktorgradsavhandlinga mi ser eg på idiomatiske uttrykk og ordtak, og gjennom teori og to empiriske delstudiar søkjer eg å finne ut kor langt frå kvarandre bokmål og nynorsk står når det gjeld slike faste frasar. Kva er det som ligg bak og karakteriserer forskjellane mellom bokmålsfraseologien og nynorskfraseologien i norm og bruk? Det ser ut til å råde ei oppfatning blant mange lingvistar at målformene i dag først og fremst skil lag i fraseologien, og derfor er det interessant å undersøkje korleis ordbøker framstiller dei faste frasane i dei to målformene og samanlikne det med autentisk språkbruk, slik ein kan observere han i ulike korpus og på nett.

I den første delen av avhandlinga freistar eg med ulike synkrone og diakrone innfallsvinklar å forklare kvifor to målformer som representerer eitt og same språk, delvis kan ha ulikt fraseinventar. Bokmålsskrivande og nynorskskrivande utviklar gjennom opplæring og på andre måtar til dels ulike oppfatningar av korleis frasar skal skrivast, og eg brukar litteratur om internaliserte og fastsette normer til å seie noko om korleis ulike normer i målformene gjev utslag i delvis ulik frasebruk. Den første empiriske studien er ei breiddeundersøking av norm (i ordbøker) og bruk (i korpus) i ulike frasegrupper i bokmål og nynorsk. Brukar bokmålsskrivande og nynorskskrivande frasane i tråd med det ein kan forvente ut frå språkhistoria, normsituasjonen og puristiske ideal i målformene? Fraseutvalet er basert på teoridelen av avhandlinga og ei jamførande undersøking av godt og vel 700 frasar i Bokmålsordboka og Nynorskordboka. I den andre empiriske undersøkinga går eg i djupna og ser på potensialet for idiomatisk variasjon i ei undersøking av nærare 850 bokmåls- og nynorskførekomstar av frasen kaste barnet ut med badevatnet.

I alle desse arbeida står Bokmålsordboka (BOB) og Nynorskordboka (NOB) sentralt som normkjelder, slik det går fram av denne presentasjonen av prosjektet mitt. Norsk Ordbok og Det Norske Akademis Ordbok (NAOB)/Norsk riksmålsordbok (NRO) er andre viktige ordbokkjelder i arbeidet. Torodd Kinn (LLE) er hovudrettleiaren min, og Lars Vikør (Norsk Ordbok, tidlegare UiO) er birettleiar.

  • Nordkurs, juni 2011
  • Språk i Norden, hausten 2011
  • Nynorskkurs, 2014-2016
  • Scandinavian Area Studies, Language, våren 2015 og våren 2016
Bøker
  • Utgård, Karl Arne; Søyland, Aud; Rauset, Margunn. 2016. Enkel nynorsk ordliste. Det Norske Samlaget. 538 sider. ISBN: 978-82-521-8362-7.
  • Hellevik, Alf; Rauset, Margunn; Søyland, Aud. 2013. Ordbok for grunnskulen: med ordforklaringar, synonym og fulle bøyingsformer. Det Norske Samlaget. 172 sider. ISBN: 978-82-521-8167-8.
  • Hellevik, Alf; Rauset, Margunn; Søyland, Aud. 2012. Nynorsk ordliste. Det Norske Samlaget. 449 sider. ISBN: 978-82-521-8164-7.
Tidsskriftartikler
  • Rauset, Margunn. 2015. Tungtvegande ny bokmålsordbok? LexicoNordica. 22: 243-261.
  • Rauset, Margunn. 2014. Islex: eit skuleeksempel på godt språkteknologisk samarbeid i Norden. Språk i Norden. 48-76.
  • Rauset, Margunn; Hannesdóttir, Anna Helga; Sigurðardóttir, Aldís. 2012. Ein-, to- eller fleirspråkleg ordbok? Skrifter / Nordisk forening for leksikografi. 12. 512-523.
  • Rauset, Margunn. 2010. Utfordringar med to norske målformer i ISLEX. Skrifter / Nordisk forening for leksikografi. 11. 446-454.
Bokkapitler
  • Rauset, Margunn. 2015. Kvar ligg den nynorske hunden nedgraven? Om stilideal og norm i nynorsk fraseologi. Artikkel, sider 188-203. I:
    • Eiksund, Hjalmar Trond; Fretland, Jan Olav. 2015. Nye røyster i nynorskforskinga. Det Norske Samlaget. 218 sider. ISBN: 9788252188455.
  • Rauset, Margunn. 2011. Islandsk møter norsk i eit nytt tusenår. Utfordringar og fordelar i den norske delen av ISLEX-prosjektet. 8, sider 109-126. I:
    • Akselberg, Gunnstein; Bugge, Edit. 2011. Vestnordisk språkkontakt gjennom 1200 år. Føroya Fródskaparfelag. 309 sider. ISBN: 978-99918-65-36-2.

Se fullstendig oversikt over publikasjoner i CRIStin.

Redaktør i den islandsk-norske delen av Islex-ordboka: www.islex.no

Aktuelle verv:

2017- : Medlem av Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon

2015- : Nestleiar i Foreininga Snorres Venner

2015- : Medlem i prisnemnda for Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 

 

Nyleg avslutta verv:

2015-2017: Ph.d.-representant styret for Norwegian Graduate Researcher School in Linguistics and Philology

2013-2017: Representant for dei mellombels tilsette (gruppe B) i valstyret ved LLE