Hjem
Mari Heggernes Eilertsens bilde

Mari Heggernes Eilertsen

Postdoktor, djuphavsbiologi
  • E-postMari.Eilertsen@uib.no
  • Besøksadresse
    Thormøhlensgt. 53 A
    5020 Bergen
    Rom 
    BIO - 2C16
  • Postadresse
    Postboks 7803
    5020 Bergen

Mari Heggernes Eilertsen er postdoktor ved Institutt for biovitskap, og tilkytta Senter for djuphavsforsking. Eilertsen forskar på dyr som lever ved kjemosyntesebaserte økosystem som varme kjelder, kalde gassoppkomme og organiske nedfall i djuphavet. Desse økosystema har ein høg andel spesialiserte organismar, som ikkje finnes andre stader, og dermed kan vere særskild sårbare for påverknadar frå menneskleg aktivitet. Forskinga til Eilertsen strekker seg frå skildring av nye artar, biogeografi og genetisk konnektivitet til evolusjonshistorie og økologi. 

Siden 2020 har Eilertsen leia prosjektet "Fauna ved varme kjelder og kalde gassoppkommer", finansiert av Artsdatabanken. Prosjektet har som mål å bidra med taksonomisk oppdaterte artslister frå varme kjelder og kalde gassoppkommer i norske djuphavsområder, og DNA-strekkodar frå dei kartlagde artane. Ho er og arbeidspakkeleiar for konnektivitet i kompetansebyggingsprosjektet EcoSafe, som søkjer å bidra til å fylle kunnskapshol relatert til miljøpåverknadar av gruvedrift i djuphavet.

Eilertsen bidreg til å formidle kunnskap om livet i djuphavet til både beslutningstakarar og samfunnet ellers. Dei seinare åra har ho bidratt til fleire høyringssvar i samband med nasjonale prosessar om marine verneområder og åpningsprosessen for mineralutvinning i djuphavet, og ho er og medforfattar på eit fagutredning om naturmiljø i norske djuphavsområder nær midthavsryggen.

Eit eksempel på formidlingsaktivitetar retta mot breiare deler av befolkinga var OPPLEV Marineholmen i April 2022, der Eilertsen og andre kolleger frå forskingsgruppa i Djuphavsbiologi hadde ein stand med ei interaktiv simulering av prøvetaking i djuphavet (sjå bloggpost om OPPLEV Marineholmen her).

For tida underviser Eilertsen i faga BIO212 - Marin samfunnsøkologi og BIO318 - Aktuelle geobiologiske tema, i tillegg til at ho bidreg på feltkurs i BIO325 - Havforsking.

Eilertsen har tidlegare undervist i ei rekke kurs ved Institutt for biovitskap, til dømes BIO101, BIO102 (Organismebiologi 1 og 2), BIO300B - Biostatistikk og BIO232 - Systematisk zoologi.

  • Vis forfatter(e) (2020). A New Species of Osedax (Siboglinidae: Annelida) From Colonization Experiments in the Arctic Deep Sea. Frontiers in Marine Science.
  • Vis forfatter(e) (2018). Increased taxon sampling provides new insights into the phylogeny and evolution of the subclass Calcaronea (Porifera, Calcarea). Organisms Diversity & Evolution.
  • Vis forfatter(e) (2018). Genetic connectivity from the Arctic to the Antarctic: Sclerolinum contortum and Nicomache lokii (Annelida) are both widespread in reducing environments. Scientific Reports. 1-12.
  • Vis forfatter(e) (2017). Paramytha ossicola sp. nov. (Polychaeta, Ampharetidae) from mammal bones: reproductive biology and population structure. Deep-Sea Research Part II: Topical Studies in Oceanography. 349-358.
  • Vis forfatter(e) (2017). Do ampharetids take sedimented steps between vents and seeps? Phylogeny and habitat-use of Ampharetidae (Annelida, Terebelliformia) in chemosynthesis-based ecosystems. BMC Evolutionary Biology. 1-15.

Se fullstendig oversikt over publikasjoner i CRIStin.

Forskergrupper

Twitter