Hjem

Pascaline Chappart har ein PhD i sosiologi. Ho forskar på deporteringspolitikk- og praksis, og påverknadane av eksternalisering av grensekontroll og asyl. Ho har tidlegare jobba som postdoktor ved IRD - Urmis (Paris Diderot University - no Université Paris), der ho forska på grenseprosessar og rekonfigurasjonen av moderne migrasjonar produsert i Niger og i Mexico.

No undersøker ho europeiske deportasjonar via charterfly innanfor rammeverket til prosjektet "Air Deportation," som er koordinert av William Walters (Carleton University, Canada). Som ein del av PROTECT-prosjektet sin WP4 jobbar ho tett med professor Christine M. Jacobsen for å kartlegge aktørane som på bakkenivå jobbar med å ta i mot migrantar og asylsøkarar i Marseille, Frankrike. Dette etnografiske feltarbeidet granskar det mangesidige konseptet "sårbarheit" gjennom ulike forståingar av konseptet, og stiller spørsmål rundt effekten det har på hjelpa (eller mangelen på hjelp) migrantar og asylsøkarar får.