Hjem
  • E-postRedi.Koobak@uib.no
  • Telefon+47 55 58 25 33+47 413 98 147
  • Besøksadresse
    Parkveien 9
  • Postadresse
    Postboks 7805
    5020 Bergen

Redi Koobak spesialiserar seg innanfor transnasjonale feminismestudiar med eit fokus på diskursar om kjønn, rase og seksualitet; inkludert postkoloniale og postsosialistiske feminismar, interseksjonalitet, kritisk raseteori, studiar av visuell kultur, feministisk teori og epistemologi og metodologiar innanfor kreativ skriving. Ved SKOK jobbar ho for tida med prosjektet Unpacking the #MeToo Moment: Discourses of Gender, Sexuality and Power in Academia.

Koobak si doktorgradsavhandling Whirling Stories: Postsocialist Feminist Imaginaries and the Visual Arts vart publisert som ein opent tilgjengeleg monografi av Linköping University Press i 2013, og kan lastast ned her.

Hennar arbeid på postdoktornivå ved Universitetet i Linköping i Sverige baserte seg på to forskingsprosjekt finansiert av det svenske forskingsrådet:

  • Eit teoretisk prosjekt: "Feminist Theorizings on Intersectionality, Transversal Dialogues and New Synergies" (2012-2016);
  • Eit komparativt empirisk og teoretisk prosjekt: The Politics of Military Loss in Contemporary Europe" (2015-2017).

Emneutvikling og undervisning

Redi Koobak har vore ansvarleg for å utvikle og undervise i bacheloremner ved Institutt for engelsk ved Universitetet i Tartu i Estland og i bachelor- og masteremner i tverrfaglege kjønnsstudiar ved Universitetet i Linköping i Sverige, UC Santa Cruz i USA og Universitetet i Bergen.

Ved SKOK er Redi ein av fleire som underviser i KVIK 201 Nye teoriar om kjønn og seksualitet, og ho utvikla og underviser i KVIK 206 Kjønn og seksualitet i ein global kontekst, som fokuserar på #metoo-rørsla spesielt. Faget baserar seg og bygger på postdok-forskinga hennar, og fungerar også som ein spesifikk forskningsstad for prosjektet.

Koobak blir ofte invitert til å undervise i ulike PhD-emner rundt om i verda; som oftast innanfor metodologiar i kreativ akademisk skriving og «politics of location.» Ho har rettleia og vurdert bacheloroppgåver ved Universitetet i Tartu i Estland og 1- og 2-årige masteroppgåver i tverrfaglege kjønnsstudiar ved Universitetet i Linköping i Sverige.

Doktorgradsrettleiing

Koobak er for tida ein av rettleiarane til Dinara Podgornova, doktorgradsstudent ved SKOK. Dinara undersøker korleis interseksjonelle feministiske diskursar rører seg på tvers av landegrenser og korleis desse vert brukt, forma og implementert i russisktalande feministiske nettforum.

Arbeidet til Redi Koobak har blitt publisert i fagfellevurderte tidsskrift som Gender, Place and Culture, Feminist Theory, Feminist Review, European Journal of Women’s Studies, Frontiers og NORA: Nordic Journal of Feminist and Gender Research. I sistnemnde var ho også redaksjonssekretær og gjesteredaktør for spesialutgåver i 2009-2012.

Mange av publikasjonane til Koobak er tilgjengelege på hennar Academia.edu- og Google Scholar-profilar.

Koobak sitt hittil siste prosjekt, som fokuserte på krysningane mellom kjønn, nasjon og krig i mediadiskursar og parlamentsdebattar relatert til ISAF-oppdraget i Afghanistan, resulterte i samarbeidsprosjektet Gendering Military Sacrifice: A Feminist Comparative Analysis (ed. Cecilia Åse og Maria Wendt, 2019) publisert i Routledge Studies in Gender and Security.

Saman med Madina Tlostanova and Suruchi Thapar-Björkert jobbar Koobak for tida med å redigere boka Postcolonial and Postsocialist Dialogues: Intersections, Opacities, Challenges in Feminist Theorizing and Practice (planlagt utgitt i 2021) i serien Routledge Advances in Feminist Studies and Intersectionality.

Vitenskapelig artikkel
  • 2019. "The Postsocialist ‘Missing Other’ of Transnational Feminism?". Feminist Review. 81-87.
  • 2018. “Narrating Feminisms: What Do We Talk about When We Talk about Feminism in Estonia?” . Gender, Place & Culture: A Journal of Feminist Geography. 1010-1024.
  • 2018. "Soo-ja rahvusnarratiivid Afganistani sõja teemalises kunstis". Ariadne Lõng. 107-132.
  • 2017. "Millest me räägime, kui me räägime feminismist Eestis?". Ariadne Lõng. 49-69.
  • 2017. "Intersections of Feminisms and Neoliberalisms: Post-state-socialist Estonia in a Transnational Feminist Framework". Frontiers: A Journal of Women Studies. 1-21.
  • 2016. "Border Thinking and Disidentification: Postcolonial and Postsocialist Feminist Dialogues". Feminist Theory. 221-228.
  • 2014. "Touching across Time: The Geopolitics of Feminist Knowledge and the Visual Arts". Personality Culture Society. 97-109.
  • 2014. "The Decolonial Challenge: Framing Post-socialist Central and Eastern Europe within Transnational Feminist Studies". The European Journal of Women's Studies.
  • 2014. "Eesti akadeemiliste soouuringute lugu ajakirjas Ariadne Lõng, 2000-2013". Ariadne Lõng. 8-25.
  • 2013. "Anna-Stina Treumund in Drag". Lambda Nordica: Tidskrift om homosexualitet. 189-195.
  • 2012. "Beyond the Humanist Imagination". NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 218-230.
  • 2012. "Becoming Non-Swedish: Locating the Paradoxes of In/visible Identities". Feminist Review. 125-134.
  • 2008. "Intersektsionaalsusest ehk lugusid feministlikku mõtte rändamisest". Ariadne Lõng. 39-49.
Vitenskapelig foredrag
  • 2020. Feminist problems with the problem: Unpacking the #metoo moment in academia.
Leder
  • 2012. Editorial. NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 163-165.
  • 2012. "Re-orienting Nordicness, Again". NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 75-77.
  • 2012. "Nordic Terror Is Not Exceptional". NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 1-3.
  • 2011. "Survival Stories". NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 1-3.
  • 2011. "Post-humanities is a Feminist Issue". NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 213-216.
  • 2011. "Normal People Worry Us". NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 67-70.
  • 2011. "Getting into the Habit". NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 141-143.
  • 2010. "Writing Change in Feminist and Gender Studies: Staging the Political and the Embodied". NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 223-225.
  • 2010. "Comparing Maps". NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 67-69.
  • 2010. "Care to Compare". NORA - Nordic Journal of Feminist and Gender Research. 149-151.
Anmeldelse
  • 2010. "Meie” Ida-Euroopa, visuaalne kunst ja feminism". Ariadne Lõng. 150-154.
  • 2009. "Vabaks autoriteetide ja kaitsejumaluste eestkostest?". Ariadne Lõng. 155-159.
  • 2006. "Vaidlused või monoloogid?”. Ariadne Lõng. 159-161.
Doktorgradsavhandling
  • 2013. Whirling Stories: Postsocialist Feminist Imaginaries and the Visual Arts.
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
  • 2019. "Determined Disidentifications: Reframing the Limits of the Field Imaginary of Feminist Studies". 18 sider.
  • 2019. "Artistic Interventions: Gender and Nation in Contemporary War Art". 27 sider.
  • 2014. "Writing the Place from which One Speaks". 15 sider.
  • 2014. "Writing in Stuck Places". 13 sider.
  • 2014. "Six Impossible Things Before Breakfast: How I Came Across My Research Topic and What Happened Next". 15 sider.

Se fullstendig oversikt over publikasjoner i CRIStin.

1. Postdoktorprosjektet "Unpacking the #MeToo Moment: Discourses of Gender, Sexuality and Power in Academia" (2019-2023)

Prosjektet har som mål å utforske påverknaden #MeToo har hatt på dei lagdelte institusjonelle strukturane i akademia i Noreg og Sør-Afrika. Prosjektet plasserar diskursane som omgjev seksuell vald innanfor akademia i ein transnasjonal kontekst. Ved å undersøke todelinga av det globale Nord og Sør gjennom dei to valte landa, sporar Koobak dynamikken i den globale produksjonen av kunnskap og effekten av #metoo-rørsla på dei lokale kontekstane.

Prosjektet har tre hovudelement: Institusjonelle praksisar, kritiske pedagogikkar og kunstariske aktivistpraksisar:

  • For det første utforskar prosjektet korleis diskursar som omgjev seksuell vald relaterar seg til kjønn, seksualitet og makt, i tillegg til sanningsregime og hegemoniske praksisar innan høgare utdanning.
  • For det andre engasjerar prosjektet seg i dialogar med studentar og deira synspunkt på korleis overlevande/offer for seksuell vald fortel sine historier i konteksten av #metoo i akademia.
  • For det tredje har prosjektet som mål å opprette eit arkiv og utstillingsrom for former for aktivisme, sceniske framsyningar og kunst som forstyrrar og destabiliserar urett basert på kjønn og seksualitet i kvardagen. Dette fordi ny kunnskap trengs om det å hugse/gjenfortelle, representere og motstå praksisar innanfor historier om seksuell vald.

2.  Eit internasjonalt samarbeidsprosjekt: "New Tools for Transnational Analysis in Postgraduate Intersectional Gender Research" (2015-2020)

Prosjektet er finansiert av Stiftelsen för internationalisering av högre utbilding og forskning i Sverige (STINT) og er eit samarbeid mellom Universitetet i Linköping, Universitetet i Bergen, Central European University og Universitetet i Western Cape. Prosjektet utforskar korleis den aukande merksemda rundt transnasjonale mekanismar aukar kompleksiteten i interseksjonell kjønnsanalyse og korleis (u)likheitar er samanfletta med geopolitiske posisjonar.

Redi Koobak er ein av medredaktørarane for boka som skal publiserast som eit resultat av prosjektet i Routledge Advances in Feminist Studies and Intersectionality.